Gasta på besøk til Squarespace i New York

Squarespace+gasta+-+new+york+-+august+2019.jpg

I starten på august var Gasta på møte med Squarespace i New York. Der hadde vi ein gjennomgang av behova vi som byrå med eit stort volum av nettsider har.

Vi fekk gitt nyttig input til eit prosjekt med å forbetre “Account dashboard” i Squarespace - og det set vi stor pris på. I tillegg fekk vi litt informasjon om ny versjon av Squarespace.

Selskapet har hovudkontor på Manhattan, og har hatt ein fantastisk vekst. I dag nærmar dei seg 1000 tilsette, dei har runda 2 millionar brukarar av Squarespace og har ein omsetning på ca 2,6 milliardar kroner.

Selskapet er verdsett til ca. 14 milliardar kroner, om du skulle vurdere å kjøpe det:-)

Slett ikkje verst for eit selskap som vart starta av utviklaren Anthony Casalena, ved at han fekk låne 300.000 kroner av sine foreldre.

Gasta er eitt av mange byrå som satsar 100% på Squarespace som publiserings-plattform (CMS). Vi har p.t. utvikla i overkant av 500 nettsider basert på denne programvara, og er med det blant dei mest erfarne i Europa.

Vi takkar for besøket i the Big Apple!

Gasta Design