Balejazz markerer sesongstart – og eit fruktbart samarbeid
Balejazz er ei av dei store vårhendingane i Balestrand – ei helg fylt av musikk, liv og god stemning. For Kviknes Hotel markerer festivalen på mange måtar startskotet for sesongen, når både nye og kjende gjester finn vegen til fjorden.
Når Kviknes Hotel no kan melde om fulle hus under Balejazz-helga, er det resultatet av mange gode krefter i sving; hotellet sitt engasjement, festivalen sin sterke posisjon og, ikkje minst, eit målretta arbeid med kommunikasjon og synleggjering. Her har vi i Gasta vore så heldige å få bidra.
– Vi har hatt eit tett og godt samarbeid med Gasta gjennom fleire år, og opplever at dei verkeleg forstår både hotellet vårt og Balestrand som destinasjon. Det gode arbeidet deira har heilt sikkert vore ein viktig del av at me no kan ynskje eit fullbooka hotell velkomen til Balejazz-helga, seier Sigurd Kvikne.
Innhald som skaper merksemd
I samarbeid med Kviknes har vi utarbeidd ei rekkje postar og nyheitsartiklar som løftar fram både hotellet, opplevingar i Balestrand og ikkje minst Balejazz. Målet har vore å byggje forventning, vise fram tilbodet og skape inspirasjon for både nye og faste gjester.
– Det å ha ein løpande avtale med Gasta gir oss både kontinuitet og tryggleik gjennom heile sesongen. Med jamleg kontakt kan vi planleggje og justere innhaldet undervegs, noko som gjer at vi held oss synlege og aktuelle for gjestene våre.
Kombinasjonen av gode historier, visuelt tiltalande innhald og effektiv distribusjon har vore viktig for å fange merksemda til dei som vurderer ei vårhelg ved fjorden.
Gode samarbeid gir gode resultat
Samarbeidet vårt med Kviknes Hotel strekkjer seg over fleire år, og Balejazz er berre eitt av mange døme på korleis tett dialog og felles innsats gir resultat. Vi er stolte av å få vere med og bidra, samtidig som vi veit at det viktigaste alltid ligg i det hotellet sjølv tilbyr: eit unikt produkt, eineståande vertskap og ekte opplevingar ved fjorden.
Vi takkar for tilliten, og ser fram til fleire store augeblikk saman med Kviknes Hotel i sesongen som kjem!