Gasta er blitt sertifisert Miljøfyrtårn

Digital marknadsførar Ingvild og designar Hilde mottok planketten frå ordførar i Sogndal, Arnstein Menes 17. februar.

No er vi endeleg Miljøfyrtårn! Det betyr at vi allereie møter strenge krav, og at vi har forplikta oss til å satse enno grønare framover.

Gladnyheita kom i midten av desember 2021 - sertifiseringa som Miljøfyrtårn var på plass! Og sjølve planketten mottok vi frå ordførar Arnstein Menes på kommunestyret 17. februar.

Reise til møte på sykkel?

Sertifiseringa viser at vi jobbar systematisk med miljø og gjer det vi kan innan vår bransje.

I grunngjevinga sa ordføraren mellom anna at Gasta har arbeidd godt med sertifiseringa, og vi fekk spesielt skryt for å ha utarbeidd gode system for HMS, vernerunde og aktivitetsplan.

Og så må det nevnast at han drog litt på smilebandet då han las opp at det blir nytta sykkel til møte i Sogndal - noko som “er veldig positivt”. Det stemmer faktisk at fleire av oss har susa ned gjennom Sogndalsdalen på to hjul på veg til møte med kundar!

Ein skikkeleg prosess

Designar Hilde Nes og assisterande byråleiar Astri Knudsen er dei som har stått i bresjen for arbeidet med miljøsertifiseringa i Gasta. Dei fortel om eit omfattande og lærerikt arbeid:

Vi har hatt ein ordentleg prosess og gått grundig til verks, så det er klart at det har teke litt tid. Men så har det vore moro òg! Vi har lært mykje undervegs, og er stolte av å endeleg kunne kalle oss Miljøfyrtårn, fortel Hilde.

Kjem kundane til gode

Å vere Miljøfyrtårn, inneber mellom anna at våre kundar kan vere trygge på at vi tek miljøet på alvor, at vi har gode rutinar på plass og at vi har forplikta oss til å jobbe for å bli enno betre.

For mange er det viktig å velje leverandørar og samarbeidspartnarar som er sertifiserte. Det var på tide at også vi fekk dokumentert innsatsen vår - dette vil kome både kundane og oss sjølv til gode. No gjer vi meir miljøvennlege val og forstår betre kva kundane jobbar med når dei vil auke fokus på berekraft, seier Astri.

Vi gler oss til å fortsette på vegen mot grøn omstilling!

Her kan du lese meir om miljøfokuset i Gasta.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli synleg i søk med Google Min Bedrift

Neste
Neste

Korleis skrive nyheitsbrev som engasjerer?