Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Kva vil dominere marknadsføringa i 2017?

Den digitale verda skyt fart som aldri før. Her er ting vi meiner du bør bite deg merke i.

Kunne vi sett inn i framtida, ville marknadsføring vore så mykje enklare. Vi kunne fortalt deg kva dine kundar vil ha – og korleis dei vil ha det. Men vi veit ikkje. Ting endrar seg fort og den digitale verda blir stadig meir komplekst.

Sjølv om vi ikkje veit kva som kjem, kan vi ta lærdom av erfaringane i 2016 og høyre på spådomane for 2017. Det har vi gjort - og samla det vi meiner er relevant for deg:

1. Samkjør kanalane

Det er bedrifter som har eigne folk til å jobbe med nettsida, eigne folk som jobbar med SEO og eigne folk til Facebook. Og det er ikkje sikkert dei jobbar saman. Dette skapar fort kaos for lesarane. Det som står på Facebook er ikkje å finna på nettsida og vice versa. Søkeord kan vere å finne nokre plassar, men ikkje andre.

De må tenkje samkøyring. Det som kommuniserast må vere i stil med merkeløfte og verdiar. Sprikande signal vil verke mot si hensikt. Attkjenning er derimot bra og vil auke effekten av marknadsføringa, i tillegg er det smart - og økonomisk - å gjenbruka innhald.

I Squarespace er det kjapt å publisere innhald som du kan dele i ulike kanalar – enten automatisk eller manuelt. Spiss gjerne innhaldet mot ulike kanalar med ulik målgruppe, men la bodskapen vere lik.

2. Video, video, video!

Det er ingen tvil om kva ekspertane meiner: video er det nye. Hubspot skriv at videoinnhald vil stå for 74 prosent av all internett-trafikk i 2017 og at landingsider med ein kort video vil auke konverteringar med opptil 80 prosent.

Youtube er verdas nest største søkemotor og er den raskast voksande video-delings-plattforma i verda. Facebook Live veks i rekordfart (sjekk ut Livemap) og Instagram har lansert moglegheita for videoar på 60 sekundar.

Det viser at brukarane likar videoar – korte videoar. Tenk enkelt, film ein snutt og publiser. Bruk gjerne mobilen. Ein filmsnutt gjer ofte innhaldet lettare å oppfatte - du må fortelje det du vil på kort tid, du blir tvinga til å vere meir spissa og du stel mindre tid frå lesaren.

Hugs berre at nesten 80 prosent ser videoane med lyden av, så legg gjerne på undertekst eller titlar. Ønskjer du hjelp, ta kontakt med oss i Gasta.

3. Analyser det du gjer

Største utfordring innan marknadsføring, er å måle effekten av det du gjer. Gir fleire likes deg fleire kundar? Får du fleire oppdrag på grunn av eit nyheitsbrev? Det er ikkje lett, men likevel heilt nødvendig å finne ut. Som Hubspot seier: ”in the Future, data - not opinion – will inform marketers every step of the way”.

Det betyr at du bør ha eit system som gir deg oversikt, eller få hjelp. Observer, test og mål effekten. Det treng ikkje vere meir avansert enn eit regneark der du fyller inn målbare tall og oppdaterer jamleg, til dømes slik. Spør oss gjerne om hjelp. Den einaste gode måten å revidere ein digital marknadsføringsstrategi på, er å utarbeide nye planar basert på innsikt frå eigne analyser.

4. Om du ikkje gjer det allereie: Sats på sosiale medium!

Allereie i 2013 viste det seg at 78 prosent av småbedrifter fikk over ein fjerdedel av nye kunder gjennom sosiale medium. Dette er nok eit argument for at bedrifter bør omfavne sosiale kanaler. Facebook sitt søkfelt aukar i bruk, og har blitt ein plass folk leitar opp bedrifter og personar. Skal du på sosiale medium, må du investere tid og pengar her. Er det gjennomtenkt, vil det gje deg auka truverd blant kundane. Sett opp ein marknadsføringsplan og inviter dei tilsette til å komme med idear. Og spør oss gjerne om du treng råd.

Lykke til med 2017, folkens. Vi har trua!

 

videoGasta Design