Webstrategi

Vi er meir enn normalt opptekne av målgruppe, målsetting og brukarbehov for nettsida - og jobber saman med deg i forkant med dette.

God webdesign er ikkje nok

Du må ha ein tydeleg webstrategi.Det som skil Gasta frå mange andre i bransjen er vårt sterke fokus på webstrategi. Vi er pragmatiske og arbeider ikkje med "store" strategidokument, men heller med ein enkel webstrategi med fokus på:

  • Målsetting

  • Målgruppe

  • Brukarbehov

Målsetting og KPI

Webstrategi startar alltid med målsetting med nettsida. Ofte kan dette vere utleda frå forretningsstrategien til selskapet og måla som ligg der.

Saman formulerer vi målsettinga, og gjerne delmåla, og tilordnar KPI`ar (Key performance indicators) til desse. På denne måten har vi ei klar målsetting og kan måle oss mot denne framover (ofte vha. Google analytics).

Brukarbehov

Ei vellukka nettside skal dekke ditt selskap sine forretningsbehov og ikkje minst besøkande sine brukarbehov.

Vi har lang erfaring i å avdekke kva brukarbehov som eksisterar hos målgruppa. Dette kan vi gjere f.eks gjennom intervju, fokusgrupper, analysar eller bruk av personas.