Lage Aktuelt-artiklar i Squarespace

 

Gå til nettsida, klikk på Esc-tasten.
Gløymt passord? Trykk på Forgotten password.

Når du er inne, klikk på Pages.
Scroll deg ned i botnen til Aktuelt.
Dette ser du er ein blogg, merka med a.

 

 

Klikk på Aktuelt.

Då vil du sjå ein oversikt over alle blogginnlegga.

For å lage eit nytt blogginnlegg, klikk på +-teiknet

 

Då kjem du inn i eit bloggvindu. 

 

Skriv inn tittel.
Hugs på at tittelen du skriv her er ein såkalla H1, dvs. denne er viktig ift. søkemotor. Pass på at tittelen både gir meining og at den innheld viktige nøkkelord som folk kan tenkjast å søke på.

Skriv tekst eller kopier inn frå Word eller anna.
Tips: hvis teksten ser litt "rar" ut, klikk på Remove format (til høgre i den svarte menyen over)

Sjå også: Slik jobbar du med Side og Innhald

Når du er ferdig med innhaldet, klikk på Options
Det er ofte ein fordel å sette inn eit Thumbnail-foto.

Ved å gjere der kan du styre fokuspunktet på bildet ved å flytte på fokusringen.
Hvis du ikkje tek inn eit thumbnail-foto, vil Squarespace automatisk leite etter eit foto i teksten din.

I tillegg bør du legge inn ein kort ingress-tekst under Excerpt.
Tenk på at denne teksten bør vere interessant å klikke på!

Viktig! Post URL=adressa til blogginnlegget. Squarespace genererer ei adresse til artikkelen basert på din tittel. Men sjekk at den ser enkel og grei ut, og inneheld søkeordet du var opptatt av i heading. 

 

Vil du at artikkelen skal komme ut på Facebook samtidig?
Klikk på Social og trykk på hendelen slik at den står på ON.

Har du ikkje knytta Facebook til nettsida? Her er oppskrifta

 

Så kan du klikke på Content og gå tilbake til utgangspunktet.
Nå er vi snart klar til å legge ut artikkelen.
Klikk på Save and Publish

 

 

Kopiere bloggpostar i Squarespace?
 

Av og til kan det vere naturleg å kopiere eit eldre blogginnlegg og bruke det som utgangspunkt.

Finn bogginnlegget. Klikk på Edit og så finn du Duplicate i botnen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Legg inn fjellstyremøter - linke til pdf-filer

Neste
Neste

Slik legg du inn årsmeldingar og andre dokument