Slik opprettar du Stripe-konto
For å kunne ta imot betaling med kort, Vipps og andre digitale løysingar på nettsida di, treng du ein Stripe-konto. Stripe er ein trygg, solid og mykje brukt betalingsløysing.
I denne guiden viser vi deg steg for steg:
korleis du opprettar ein Stripe-konto
aktiverer betalingar
og deler tilgang med Gasta, slik at vi kan setje opp betalingsløysinga for deg
Ta ein kopp kaffi, så er du ferdig før han blir kald ☕️
————————————————————————————————————————————————————————————————
Før du startar, er det lurt å ha dette tilgjengeleg:
Ei e-postadresse du brukar
Mobiltelefon (Stripe likar å sende kodar)
Bankkonto der pengane skal hamne
Opplysningar om verksemda di:
Organisasjonsnummer (dersom du har)
Juridisk namn på bedrifta
Adresse
Av og til må du også ha ID-dokument klart (pass, førarkort eller liknande)
Steg 1: Gå til Stripes registreringsside
Opne nettlesaren
Gå til:
👉 https://dashboard.stripe.com/register
Steg 2: Opprett Stripe-konto
Fyll inn:
E-postadresse
Fullt namn
Eit sikkert passord (ikkje “123456”, vi ber deg)
Klikk Create account.
📩 Stripe sender deg ein e-post for stadfesting – hugs å bekrefte denne før du går vidare.
Steg 3: Aktiver betalingar i Stripe
Når du loggar inn i Stripe Dashboard for første gong:
Klikk Activate payments eller Start verification
Stripe opnar no eit skjema for aktivering av verksemda di
Dette er heilt normalt – og heilt nødvendig.
Steg 4: Vel land og kontotype
Vel Noreg som land.
Vel type konto: Bedrift (AS) eller Enkeltpersonføretak
Vel det som passar til verksemda di - Stripe likar at ting stemmer med Brønnøysund.
Steg 5: Fyll inn informasjon om verksemda
Stripe må vite kven dei sender pengar til (forståeleg nok).
Verksemdstype
Vel Company (eller tilsvarande for AS)
Bedriftsdetaljar
Fyll inn:
Juridisk firmanamn
Organisasjonsnummer
Offisiell adresse
Telefonnummer
Bransje
døme: E-commerce, Reiseliv, Tenester
Nettside
døme: //https://www.gasta.no/
Kontaktperson
Stripe krev éin ansvarleg person i selskapet:
Fullt namn
Fødselsdato
Bustadadresse
Rolle i selskapet
Vanlegvis dagleg leiar eller økonomiansvarleg.
Steg 6: Identitetsverifisering
For å aktivere betalingar må Stripe verifisere identiteten.
Du blir beden om å laste opp:
Pass, førarkort eller nasjonalt ID-kort
Eventuelt ei ansiktsbekrefting via mobil
Stripe forklarer dette undervegs.
Steg 7: Legg inn bankkonto for utbetalingar
No må Stripe vite kvar pengane skal:
Gå til Payout details
Legg inn kontonummer til bedrifta og IBAN
Namn på kontoeigar (likt som det som står på kontoen).
NB! Pengane går alltid direkte til dykk, ikkje via oss.
og skatteinformasjon
Stripe spør om grunnleggjande skatteinformasjon:
Følg vegvisaren
Kontroller og stadfest opplysningane
Dette er meir byråkratisk enn vanskeleg.
Steg 8: Aktiver ekstra sikkerheit
For å halde kontoen trygg:
Gå til Settings → Security
Slå på Two-Factor Authentication
Då treng du både passord og kode frå mobilen for å logge inn (Authenticator-app)
NB! Det kan også fort hende at Stripe tvingar deg til å aktivere ekstra sikkerheit.
Steg 9: Del Stripe-kontoen med Gasta
For at Gasta skal kunne kople Stripe til nettsida di og sikre at betalingane fungerer som dei skal, treng vi tilgang.
Steg 8.1: Gå til brukarar i Stripe
Logg inn på https://dashboard.stripe.com
Klikk Business Settings (tannhjul-ikonet)
Vel Team eller Users
Steg 8.2: Inviter Gasta
Klikk Add user / Invite user
E-postadresse:
📧 post@gasta.noRolle:
👉 Administrator
Dette gjer at vi kan setje opp betalingsløysinga korrekt – og hjelpe raskt om noko skulle stoppe opp.
Klikk Send invite.
Steg 8.3: Ferdig 🎉
Når invitasjonen er sendt og akseptert, er alt klart frå dykkar side.
Har du spørsmål undervegs? Send ein e-post til marianne@gasta.no