West Mekan

"West Mekan has been a respected equipment supplier to the international maritime industry for more than 50 years."

Internasjonal maritim suksess

West Mekan Produksjon as er ei suksess-bedrift på Nordfjordeid som leverer passasjerstolar og propellar til den maritime industrien. På passasjerstolar er dei marknadsleiar i Norge og eksporterer store deler av sin produksjon. Til båtar som Vision of the Fjords, produsert av Brødrene Aa, har dei levert passasjerstolar og propell-system, og til den verdas største seglbåt - Hemisphere - har dei levert propellsystem.

 

God presentasjon av produkt

West Mekan ønskte seg moderne nettsider med god design som presenterer produkta på ein god måte, og gjer det enkelt for målgruppene å ta kontakt. Nettsidene er - som alle andre nettsider frå Gasta - utvikla i Squarespace, som gjer det enkelt for kunden å redigere og jobbe med sidene framover.

 

Responsive nettsider

Nettsider til industribedrifter som West Mekan vil ha litt lågare andel besøk frå mobil og nettbrett, som regel godt under 50%. Det er likevel viktig at nettsidene er responsive og fungerer godt på mobil, ettersom dette er ein dei viktigaste rangeringsfaktorane til Google.

 

Vi takkar Konrad Skibenes & Co for godt samarbeid med utvikling av nettsidene og ser fram til eit vidare samarbeid.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Verdistiftelsen

Neste
Neste

Kviknes Hotel