Genus

IT-selskapet Genus har fått ei av dei mest avanserte nettsidene vi har laga i Squarespace 7.1.

 

Kunsten å forenkle

Genus.co er ei side med mykje informasjon og innhald. Vi har, saman med Genus, gjort grep for å framstille innhaldet slik at det blir oversiktleg - noko vi synest vi har lukkast med.

For å gjere brukaropplevinga betre har vi mellom anna utvikla to megamenyar i hovudmenyen, ein for «products» og ein for «solutions».

 

Designmalar som er enkle i bruk

Genus har mange casestudiar med mykje innhald, som skal presenterast elegant. Her har vi utvikla malar til casane som gjer det enkelt for dei sjølve å legge inn innhald.

Slik blir alle casestudiane presentert likt, med eit moderne design.

 

God struktur på «evaluation guide»

Vi har også løyst eit behov som var viktig for kunden: ein oversiktleg «evaluation guide». Dette er ein brukermanual med fleire kapitler som fortel noko om programvaren dei sel. Her er det mykje innhald.

Dette har vi løyst på ein god måte.

 
 

Skreddarsydd design i Squarespace

Kunden valte Squarespace som publiseringsverktøy for si nye nettside, og la i prosessen stor vekt på at verktøyet er enkelt i bruk og gir rom for eit moderne og elegant design. Bli kjent med Squarespace her.

Vi takkar for godt samarbeid!

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ålhytta

Neste
Neste

Fana folkehøgskule