Opplæring i Squarespace
Ein enkel innføring i eit enkelt verktøy - for å gi deg ein grunnleggande forståing for korleis du redigerer nettsida di. Vi tilpasser opplæringa til det du ønskjer å bruke verktøyet til, enten det er å redigere eksisterande tekst, bytte bilder - eller sette opp nye sider.
Eller kanskje det er ein oppfriskning du treng?
Tilpassa opplæring
For å gjere det enkelt for deg tilbyr vi opplæring til fastpris, men tilpassar innhaldet til ditt behov.
I løpet av 1–1,5 time vil du lære det mest nødvendige. Opplæringa kan gjerne skje på Teams, eller fysisk i våre lokalar. Fleire kan delta samtidig, men det er ikkje anbefalt å vere meir enn 3–4 stk.
Opplæringa kan t.d. innehalde:
Innlogging og tilgangar
Redigering av innhald
Sider og struktur – korleis lage nye og flytte sider
Bruk av «saved sections»
Bruk av blogg, nyheitsmodul
Korleis opprette og bruke skjema
Legg til metatekstar, alt-tekstar og delingsbilete
Innblikk i Analytics-verktøy
Mobiltilpassing
Pris for opplæring kr. 3000,- eks. mva
Kontakt oss for opplæring
Ønskjer du opplæring? Då kan du be om det hos kontaktpersonen din i Gasta - eller sende oss ein e-post på post@gasta.no.
Om du ønskjer å finne ut ting på eiga hand, kan vi anbefale Squarespace sitt video-bibliotek på Youtube.