Workshop i sosiale medium

Gasta vil hjelpe deg å finne ut korleis du kan få meir ut av sosiale medium.

Mange verksemder er tilstades på sosiale medium, men dei færraste nytter kanalane til det fulle. Nokre gonger kan det vere godt å friske opp kunnskapen, sjå ting med nye auge og få innspel til kva ein kan gjere betre.

Slik gjennomfører vi workshopen:

  1. I forkant analyserer vi SoMe-kontoane dykkar. Her ser vi mellom anna på:

    • Kven er målgruppa di? Treff du dei?

    • Kva kanalar nyttar du? Er dei riktige for deg?

    • Kva gjer du i dag som fungerer godt?

    • Kva bør du gjere meir og mindre av?

  2. Workshop på ca 3 timar (digitalt eller hos Gasta). Her ser vi på korleis de kan bli betre, og gir anbefalingar og konkrete tips. Vi legg opp til gode diskusjonar og viser eksemplar/inspirasjon.

  3. I etterkant får du tilsendt anbefalingar med ein plan for vegen vidare. Du vel om du vil fortsetje arbeidet aleine, eller med hjelp frå Gasta.

Pris for pakke kr. 10.000,- (eks. mva).

 
Veldig nyttig å få hjelp med å sjå kva vi er gode på og skal fortsetje med, og kva vi kan bli betre på. Gasta har gitt oss heilt konkrete tips og råd til både verktøy og tiltak, det har gjort samarbeidet verdifullt for oss.
— Simone Stibbe, forlagssjef i Skald
 

Bestill workshop

Fyll ut skjemaet under eller ring Astri på +47 984 08 619.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gasta inngår samarbeid med Squarespace

Neste
Neste

Bruk oss som supplement til markedsføringa di