Gasta inngår samarbeid med Squarespace

Vi blir eitt av tre selskap i Norden som har offisielt samarbeid med Squarespace.

Allereie i 2013 starta vi å lage nettsider i Squarespace. Då var verktøyet relativt ukjend i Norge, og mykje har skjedd sidan den gang.

10 år og 600 nettsider seinare, blei vi i november kontakta av Squarespace i New York med tilbud om å bli den første Enterprise-kunden i Norge. I Skandinavia er det frå før to andre slike selskap, der ikkje ukjende Lego er det eine.

No blir vi ein del av det gode selskap, og det tykkjer vi er stas.

Kva betyr det for deg som er Gasta-kunde?

Enklare betaling

Gasta skal også i framtida vidarefakturere lisensen på Squarespace. Då er du sikker på at den blir betalt. Betalinga vil derimot ikkje lenger gå via kredittkort, og då unngår vi mykje unødvendig og tidkrevjande arbeid, og får meir tid til å jobbe med kundane våre.

Enklare tilleggskjøp

Tilleggskjøp som foto, nyheitsbrev, scheduling m.m kan du no sjølv bestille og betale med kredittkort. For dei som har slike tenester i dag, vil vi i løpet av januar/februar ta kontakt og hjelpe deg med å leggje inn ditt kredittkort. Har de ikkje kredittkort tilgjengeleg? Ingen problem, då legg vi inn vårt.

Betre support

Vi får tilgang til "priority support" og kan løyse problem endå raskare enn vi gjer i dag.

Ekstra SEO-ressursar

Vi får tilgang til Squarespace sin beste kompetanse på søkemotor, for deg som har behov for det.

Ny testmodus

Vi kan opprette nye nettsider i "testmodus" og ha dei i testmodus utan å betale før sida faktisk blir lansert. Det gjer oppgraderingar rimelegare for både deg og oss.

Treng du gjere noko?

Nei, absolutt ingenting i første omgang. 

Vi vil ta kontakt med deg og diskutere om du skal legge inn eige kredittkort. Kjøper du foto i Squarespace, eller bruker nyheitsbrev eller Scheduling, vil vi sterkt anbefale dette.

PS! Prisane på Squarespace-lisensen forblir uendra, dvs kr. 230,- pr. mnd.

Har du spørsmål kring dette? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Skap større engasjement rundt årsmeldinga di

Neste
Neste

Workshop i sosiale medium