Nyheit: Utvida funksjonalitet i Asset Library

Vi gler oss over forbetringar i bildebibliotek-funksjonen i Squarespace.

I september 2022 lanserte Squarespace ein etterlengta funksjon, Asset Library. Her får du komplett oversikt over bilde og videoar som er lasta opp til nettsida di.

På same tid varsla dei at det ville kome fleire funksjonar framover. Og no er dei første her!

Opplasting av bilder

Tidlegare måtte ein laste opp bilder og video til ei underside på nettsida for at det skulle bli lagra i Squarespace. Slik er det ikkje lenger. No kan du laste opp bilder direkte til mediebiblioteket, så blir dei lagra der. Då er det enkelt å finne dei igjen når du skal opprette undersider eller artiklar seinare.

Går du inn i Asset Library frå hovudmenyen, ser du no ein ny knapp med “+ Add new” oppe i høgre hjørne. Klikk her, så får du val om “Upload files”, som opnar eit vindauge med filer på maskina di.

Ønskjer du å laste opp fleire eller videoar på same tid, markerer du enkelt og greit alle filene dine før du klikkar for å laste opp.

Dette er kanskje ikkje revolusjonerande endringar - men vi heiar på alt som gjer nettsidekvardagen enklare og meir brukarvennleg!

Fleire Squarespace-tips?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fire nylanseringar før jul

Neste
Neste

Har du marknadsføringa klar før jul?