Nyheit: Endeleg bildebibliotek i Squarespace

No finn du bibliotek med filer inne i Squarespace.

Med Asset Library får du enklare oversikt over bilde og video på nettsida.

Squarespace rullar i desse dagar ut ein etterlengta funksjon: Direkte i hovudmenyen på nettsida di kan du no gå inn på eit eget mediebibliotek. Her finn ein komplett oversikt over bilde og videoar som er lasta opp til nettsida di.

Kva betyr det for deg?

Den nye funksjonen gjer det enklare å finne igjen bilde og video som du har lasta opp til nettsida. Du kan sjå alle filane på ein plass, og det er lettere å søke etter, sortere og slette filer.

Du treng ikkje å gjere noko for å få den nye funksjonen, dette blir oppdatert automatisk. Asset Library er heller ikkje noko du bruke, men ein fin ekstra funksjon.

Her finn du Asset Library:

I hovudmenyen på nettsida ser du no det nye valet “Asset Library”.

Dette kan du gjere i Asset Library i dag

  • Sjå alle bilde og videoar

  • Sjå metadata på filene

  • Sortere, søke etter og slette filer

  • Få oversikt over tilgjengeleg lagringsplass for video

Squarespace har varsla at det vil kome fleire funksjonar inne i Asset Library framover. Etter kvart vil du kunne laste opp filer direkte til biblioteket, og dei vil utvikle ein “bulk upload” kor du kan laste opp mange filer på ein gong.

Fleire Squarespace-tips?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kjekt matsvinn-prosjekt med SIMAS og ViteMeir

Neste
Neste

Festivalsuksess med digital annonsering