Kampanje fuglekasse – ein heilskapleg leveranse for Ålhytta

Næringsminister Iselin Nybø fekk orientering om korleis Ålhytta arbeider med å ta vare på nærutsikten - og fekk med seg ein av Ålhytta sine eigenproduserte fuglekassar då ho var på besøk i juni. Her saman med Trond Skjerdal i Ålhytta si fuglekasseav…

Næringsminister Iselin Nybø fekk orientering om korleis Ålhytta arbeider med å ta vare på nærutsikten - og fekk med seg ein av Ålhytta sine eigenproduserte fuglekassar då ho var på besøk i juni. Her saman med Trond Skjerdal i Ålhytta si fuglekasseavdeling. FOTO: Ålhytta

Dei sat sjølv på ideen, men trong hjelp til å gjere han digital.  

Ålhytta er i gang med eigenproduserte fuglekassar. Dei skal bøte for inngrep i naturen, ved å gje noko tilbake til dyrelivet. Alle nye hytteeigarar får ein Ålhytta-fuglekasse ved overlevering, for å leggja til rette for eit rikt dyreliv rundt hytta. Dette har vore ein kampanje i sommar. Bodskapet har vore å ta vare på naturen dei bygger i, med fuglekassa som verkemiddel.

Ålhytta lagar marknadsmateriell av høg kvalitet, med fotograf, videojournalist og tekstforfattar inhouse. Men kampanjen mangla eit digitalt fokus. Ålhytta hadde laga avisannonsar til bruk i D2 og Aftenposten, men fuglekassane måtte kome att på heimeside og sosiale medium, med same bodskap.

– Det gjeld å gjere informasjonen heilskapeleg. Om folk ser annonsen i D2 må dei kunne gå inn på nettsida vår å sjå ein samanheng, eller finne att same bodskap i sosiale medium. Her måtte vi ha hjelp, fortel Bård Svardal, sals- og marknadsansvarleg i Ålhytta.

Gasta har levert nettsider til Ålhytta sidan 2017. I år har vi utvida leveransen. Nå hjelper vi til med digital marknadsføring, frå nettside til annonsering.

Coverpage lagt “over” forsiden i kortare periodar.

Coverpage lagt “over” forsiden i kortare periodar.

Coverpage

For å synleggjere fuglekasse-kampanjen, satt vi opp ei eiga coverpage. Denne «dekka» forsida kvar gang annonsen hadde innrykk i avisa. Slik vart dette det første ein såg om ein besøkte www.aalhytta.no. Etter nokre få dagar vart coverpage teke vekk igjen – før ho vart lagt over forsida ved neste innrykk i avisa.

Slik aktualiserte vi annonsane og la fullt fokus på fuglekassane i korte periodar – men ikkje for lenge.

Ønska respons frå følgjarane

På Instagram vart det køyrt i gong ein konkurranse, der folk skulle dele bilde av sitt eige fuglekassetre, merka med #Ålhyttafuglekasse.

Premie: ein fuglekasse.

 

Historieforteljing med video

Tre videoar vart laga av Ålhytta for å fortelle historia om fuglekassene. Dette var videosnuttar perfekt i sosiale medium, korte, kreative, og dei tala godt både kvar for seg og samla. Dei vart tydelig merka med «1 av 3» - for å skape ei forventing om fortsettinga. Desse videoen vart annonsert.

Informasjon om fuglekassene vart lagt lett tilgjengeleg på nettsida.

 
 
Andre video-post på Facebook. Klikk på bilete for å sjå videoen.

Andre video-post på Facebook. Klikk på bilete for å sjå videoen.

Tredje video-post på Facebook. Klikk på bilete for å sjå videoen.

Tredje video-post på Facebook. Klikk på bilete for å sjå videoen.

 

Resultatet?

Ålhytta opplever at kampanjen sette temaet på kartet.

–  Tilbakemeldingane vi får frå kundar og internt i bedrifta, viser at vi har treft med bodskapen. Eg trur kampanjen har bidrege til å bevisstgjere både samarbeidspartnarar og kundar på korleis vi ønskjer å ta vare på naturen vi bygger i, ikkje berre med fuglekassar. Men fuglekassane har gitt merksemd, og sosiale medium har hjelpt oss å nå ut med bodskapen til fleire, forklarar Svardal, før han skyt inn:

– Dette har absolutt vore ein «höjdare».

Samarbeidet mellom Gasta og Ålhytta byr på meir moro utover hausten, så det er berre å følgje med. Vil du vite meir om kven vi i Gasta jobbar med?

 

Sjå heile fuglekasse-videoen:

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Nye nettsider for Reiulf Ramstad arkitekter

Neste
Neste

5 SEO-tips ved bruk av foto i Squarespace