Nytt i Squarespace: Email Campaigns nyheitsbrev

Kunne du tenkt å komme i gang med nyheitsbrev til kundar eller prospects?

Etter GDPR har bedrifter rydda opp i mailingslister, og vi opplever at opningsraten på nyheitsbrev har gått opp.

No har Squarespace lansert nyheitsbrev-funksjon integrert i publiseringsverktøyet. Og vår konklusjon er klar: enklare kan ikkje utsending av nyheitsbrev bli.

Skriv ein aktuelt/blogg-artikkel på nettsida i Squarespace. Klikk på Squarespace Email Campaigns og hent inn artikkelen med eit tastetrykk. Send til adresselista.

Vi i Gasta har som Squarespace Circle-medlem hatt Squarespace Email Campaigns til test sidan i haust, og vi likar produktet veldig godt.

For at våre Squarespace-kundar skal komme raskt i gang har vi laga ein oppstartspakke.

Les meir om Squarespace nyheitsbrev og kom i gang

Gasta Design