Ny nettside for spennande norsk startup
Bulbitech i Trondheim skal revolusjonere diagnostisering innan augeundersøkingar, og trengde nettside for å fortelje om satsinga.
Vi er glade for at valet fall på Gasta og Squarespace.
Prosjektleiar Emilie Brynjulfsen og webdesignar Simonas Falkauskas har samarbeidd tett med Bulbitech om å utvikle ei nettside i Squarespace som presenterer teknologien og visjonen til selskapet på ein tydeleg og profesjonell måte.
Bulbitech jobbar med å utvikle nye verktøy for diagnostisering i samband med augeundersøkingar. For oppstartsbedrifter kan ei god nettside vere ein viktig kommunikasjonskanal.
Ho fungerer både som informasjonsplattform for potensielle kundar og samarbeidspartnarar, og som ein stad der investorar kan bli betre kjende med selskapet. Sjølv i ein tidleg fase kan det vere avgjerande å vere synleg digitalt.
Resultatet av samarbeidet er ei moderne og oversiktleg nettside som gir BulbiTech eit solid utgangspunkt for vidare vekst og synlegheit.