Nye nettsider? Tenk enkelt - tenk Squarespace

Gasta utviklar gjennomtenkte nettsider som er enkle å oppdatere - som her for Ålhytta as.

Gasta utviklar gjennomtenkte nettsider som er enkle å oppdatere - som her for Ålhytta as.

Squarespace er rett og slett eit genialt verktøy, både for oss som utviklar og designar - og for deg som er brukar.

Squarespace er det vi kallar eit content management system (CMS), eller eit publiseringsverktøy. Om Squarespace er ukjent for deg, har du kanskje høyrt om Wordpress, Joomla eller DotNetNuke. Dei er alle ulike CMS. Vi har lenge brukt DotNetNuke og WordPress, men har aldri vore meir tilfreds enn nå.

Etter å ha nytta oss av Squarespace i over fire år, og utvikla over 450 nettsider i denne programvara, er det spesielt fire ting vi opplever våre kundar legg vekt på:  

squarespace vs wordpress inline editing.jpg

1. Inline editering

Når du skal oppdatere innhald på nettsida, trykker du direkte der du vil editere. Du ser heile tida alt innhaldet og du treng ikkje forhåndsvisning, som i f.eks WordPress. Dermed er det lett å flytte på ting og sjå direkte korleis elementa blir i forhold til kvarandre før du lagrar – noko som er praktisk når sida ligg live. Inline editering heiter det på fagspråket, om det er av interesse:-)

 

2. Dra og slepp

Set du opp eller redigerer ei side, er det gjort med såkalla drag and drop. Du hentar inn elementa du ønskjer, og flytter dei rundt. Du kan få bilda i, over, under eller på sida av teksten. Ta bildet og dra det større eller mindre. Når du er nøgd, trykkjer du save og det blir publisert direkte. Enklare blir det ikkje - og du ser det i denne videoen!

 
amzing fjords.png

3. Ein leverandør

Ein annan fordel med Squarespace er at alle funksjonar er styrt av same leverandør. Det er ikkje plugins levert av ulike underleverandørar. Dermed veit du at det funkar når du jobbar med nettsida.

 

4. Squarespace er fleksibel

Først og fremst er det ei programvare med stor fleksibilitet. I første omgang kan du enkelt tilpasse design i ein mal (template). Gå inn i menyen under design og still på fargar, fontar og størrelsar.

På neste nivå har vi det som kallast CSS-koding. Skulle du ønskje forandringar utover det malen tilbyr, kan ein av våre utviklarar gå inn og kode om. Du kan flytte boksar, gjere om på menyfargane, få rammer og få inn fleire funksjonar.

På øvste nivå har du developer mode. Her er det så godt som ingen avgrensing. I dei fleste prosjekta vi utviklar, tek vi i bruk Squarespace Developer Mode.

- Les også: Våre prosjekt

Prøv Squarespace du òg, så skal du sjå at du elskar det som vi gjer!

Gasta Design