Google-søk i stor endring. Dette bør du vite.

Google gjorde nettopp ei stor endring i søket sitt. Søk brukar no ein ny og smartare AI/KI-modell. Her forklarer vi i Gasta kort kva som er nytt, og kva du som bedrift bør gjere.

Kviknes hotel, Balestrand - ei av mange reiselivsbedrifter som må tilpasse nettsidene til AI- og no også Google søk (foto: Kviknes hotel/Bark foto)

Kva har skjedd?

Google kunngjorde 12. november at Google Søk no brukar Gemini 4 Hydrogen, namnet på den nyaste versjonen.

Google kallar dette den største oppgraderinga i Søk nokon gong. Vi i Gasta har jobba med søkemotoroptimalisering sidan 1997, og må seie oss samde.

Gjer ein test - så skjønnar du kva vi meinar. Men les gjennom artikkelen først😊

Kva har endra seg på Google-søk?

Google forstår lengre spørsmål. No kan du “google” slik du snakkar. Google taklar også skrivefeil og svært spesifikke ønskjer.

Spørsmål med fleire delar får svar på kvar del. Før skreiv vi mange korte søkeord av typen «hotell Vestlandet». No kan du skrive:

“Vi er eit ektepar på 60 år som kunne tenkt oss ei romantisk helg på hotell på Vestlandet i mai 2027. Vi vil gjerne oppleve litt kultur eller gå ein fjelltur. Kom gjerne med forslag til aktivitetar dersom det regnar. Kva tilrår du?”

Google prøver då å svare på alt.

Og svara blir meir visuelle. Det kjem fleire foto, tabellar og samanlikningar. Svara skal vere lette å skumlese.

Google-søk med spørsmål i fleire deler får svar på kvar del.

Kva betyr dette for nettsida di?

Når du stiller eit spørsmål, gjer Google mange små søk i bakgrunnen. Kvart søk tek for seg ein del av spørsmålet. Til slutt set Google saman eitt svar. Resultatet er lenker til fleire ulike nettsider enn før.

Det er gode nyheiter for mindre bedrifter. Du treng ikkje vere størst for å bli vist. Du må vere den som svarar best på eit konkret spørsmål. Og så må informasjonen på nettsidene vere 100% oppdatert, og for reiselivet er det viktig at alle aktørane rundt deg også har oppdaterte nettsider.

Dette kan du gjere no

  1. Svar på spørsmåla kundane dine faktisk stiller. Tenk på kva folk spør deg om på telefon og e-post. Skriv svara på nettsida. Som Squarespace-brukar kan du logge inn og klikke på SEO/ AI Visibility. Der kan du legge inn spørsmål og sjekke korleis du kjem opp i ChatGPT og Gemini.

  2. Ver konkret. Skriv kva du tilbyr, kven det passar for, kvar du held til, og kva det kostar.

  3. Bruk lister og tabellar der det passar. Det gjer innhaldet lett å lese for både folk og Google.

  4. Bruk gode foto med gode alt-tekstar. Gi foto ein kort tekst som forklarer kva dei viser (alt-tekst).

  5. Hald informasjonen oppdatert. Opningstider, prisar og kontaktinfo må stemme. Viktig!

  6. Skriv for menneske. Ein tydeleg og ærleg tekst fungerer best – også for KI.

Treng du hjelp?

Vi i Gasta hjelper deg å bli synleg både i vanleg søk og i KI-søk. Vi ser på nettsida di og gir deg konkrete råd. Ta kontakt, så tek vi ein prat.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Ny profil for Vestlandet i Brussel