God jul og godt nyttår frå alle oss i Gasta

Simon, Vidar, Ragnhild, Astri, Ingvild, Frode og Hilde etter ein fantastisk julemiddag på Ægir Bryggeripub.

Vi jublar over å runde 10 millionar i omsetning i år, for det er ikkje enkle tider i bransjen vår heller.

Det har vore ein tøffare haust enn vi er vande med. Men med ein solid kundebase som ønskjer å jobbe med oss, har vi eit flott grunnlag for å skape vekst saman. Vi er prisgitt eit fantastisk verktøy - Squarespace - som stadig blir betre og gjer det enklare for deg å bli god på digital kommunikasjon. 

Vi skal gjere det vi kan for å skape vekst for deg som kunde også i 2024, det er i nedgangstider du kan posisjonere deg godt i marknaden. 

Det gjeld å vere kreativ. Design, videoar, historieforteljing, tekniske løysingar - det er mykje ein kan gjere bra utan å gasse for mykje.

Og det gjeld å vere løysingsorienterte og effektive - to av våre verdiar i Gasta.

Først tek vi juleferie med godt samvit og håpar du gjer det same! Kontoret vil vere stengt i romjula, men vi er aldri langt unna om du treng oss: 57 62 77 70 eller post@gasta.no.

God jul og godt nyttår frå alle oss i Gasta. 2. januar er vi klare for å gi gass igjen!

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Markedsføring i 2024: Dette blir viktig

Neste
Neste

Løft årsmeldinga ut av papirformatet