Løft årsmeldinga ut av papirformatet

Med kreative grep kan du gjere årsmeldinga for 2023 langt meir engasjerande.

Årsmeldinga di presenterer utvikling og ambisjonar, og er ei unik moglegheit til å vise kven de er og kva de har oppnådd. Men korleis skaper ein engasjement med større tal- og tekstmengder?

Vi i Gasta har god erfaring med å spisse bodskapet, løfte fram høgdepunkta og presentere det heile i ei dynamisk forteljing på nett.

Ved hjelp av «scrollytelling», ein kombinasjon av «scrolling» og historieforteljing – kan ein la historia utspele seg medan ein les. Omtrent som du ville ha lest ein større artikkel, i ei av landets største aviser.

Årsrapport for Lerum

Årsrapport for SIMAS

Å skape innhald i eit format som fengjer

Dei verkeleg gode, digitale forteljingane bruker bilde, tekst og video for å halde lesaren engasjert. Difor får dei langt meir respons enn kva lister med fakta og tal gjer.

55% av forbrukarar meiner det er enklare å hugse ei fortelling enn ei liste med fakta. 75% meiner det er viktig for merkevarer å fortelje historier.

Med scrollytelling gjer du nettopp det. Med levande bilder og treffsikre tekstar vil fleire ta del i historia.

Klar for å digitalisere årsmeldinga i år? Kontakt oss for ein prat.

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

God jul og godt nyttår frå alle oss i Gasta

Neste
Neste

Slik kom dei på førstesida på Google