Då to ulike selskap skulle møtast på éi nettside
Gasta har utvikla den nye nettsida til Cares, saman med Gjete, eit kommunikasjonsbyrået med fokus på mat og landbruk.
Då Cares kjøpte opp Sodexo Norge, oppstod ei spennande utfordring: Korleis få det beste frå to ulike selskap og samle det i éi merkevare?
Sodexo Norge er kjend for store kundar og breie facility management-leveransar. Cares har på si side bygd ein sterk posisjon innan reinhald og kantine for mindre og mellomstore kundar. Med over 40 år med historie representerte Sodexo noko heilt anna enn gründerselskapet Cares, som starta opp i 2013.
No skulle desse historiene samlast i éi merkevare – og på éi nettside, utvikla av Gasta.
Sjå den nye nettsida til cares.no.
Grundig forarbeid
Emilie Brynjulfsen har vore prosjektleiar.
Vi starta arbeidet i mars med å invitere til ein workshop, Cares, innhaldsbyrået Gjete og oss. Målet var ikkje berre å snakke om design og teknologi, men om identitet: Kven er den nye verksemda? Korleis skal Cares 2.0 kommunisere digitalt?
Gjennom prosessen voks det fram eit tydeleg bilete av eit selskap som kombinerer nærleik og god servicekultur med kapasiteten og breidda frå ein større aktør.
– Vi måtte jobbe mykje med å forme kommunikasjonen på nettsida. Vi utfordra både den tidlegare Sodexo- og den nye Cares-leiinga til å ta nokre val. Alle kan ikkje vere målgruppa. Ein må bestemme seg for kven ein først og fremst ønskjer å nå, og byggje ei nettside som snakkar til dei, seier Emilie Brynjulfsen, prosjektleiar i Gasta.
– Vi meiner vi har lukkast godt. Nettsida snakkar først og fremst til dei som ønskjer ei heilskapleg facility management-leveranse, men samstundes har vi ikkje gløymt dei kundane som treng berre reinhald og/eller kantinedrift.
Frå strategi til lansering
På berre nokre månader gjekk prosjektet frå strategi og innhaldsarbeid til ferdig nettside. Resultatet er ei digital plattform som viser breidda i tenestene, samstundes som ho tek vare på den menneskelege tonen som har kjenneteikna Cares.
– Vi hadde ein tydeleg deadline fordi samanslåinga skulle tre i kraft. Samstundes veit vi at ei nettside aldri blir heilt ferdig. Cares kjem til å vidareutvikle innhaldet med fleire historier, meir informasjon og nye bilete etter kvart. Resultatet har blitt veldig bra, og det er mange som har bidrege til at dette blei eit vellukka prosjekt, seier Brynjulfsen.
For oss har dette vore eit spennande samarbeid mellom Cares, Gjete og Gasta – og eit godt døme på korleis ei nettside kan bli ein viktig del av arbeidet med å samle to selskap til éi felles historie.
Treng du hjelp til å forme nettsida di? Ta gjerne kontakt med oss!