Lag kreative SoMe-postar med app frå Squarespace

Mobilappen Unfold frå Squarespace gjer det enkelt å lage kreative postar til sosiale medium.

Squarespace driv ikkje berre med nettsider. Dei har óg fleire andre verktøy som skal hjelpe bedrifter med marknadsføringa.

Over 400 malar du kan redigere

I mobilappen Unfold finn du over 400 ulike malar som er enkle å gjere om til sosiale medium-postar. Vel ein mal, legg til bilde og tekst - og vipps har du ein klar post til Instagram eller Facebook.

Det finst både bevegelege og statiske malar til alle dei ulike formata på plattformen, som story, reels og vanleg innlegg.

Ein fordel med appen er at du kan leggje inn ditt eiget “Brand kit”, sånn at postane får riktig logo, font og fargar. På den måten sikrar du at postane er i tråd med den visuelle profilen til bedrifta di.

Eigen video-app

I tillegg har Squarespace óg utvikla ein eigen video-app kalla Squarespace Video Studio. I denne appen kan du lage korte videosnuttar med innhaldet du allereie har på nettsida di.

Last ned appen Unfold her:

Google Play.

App Store.

 


Fleire Squarespace-tips?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Squarespace vs WordPress?

Neste
Neste

Slik får du tilgang til gratis foto i Squarespace