Slik klargjer du ei landingsside for deling

Korleis endre bilde og tekst som kjem fram når du deler ein artikkel på sosiale medium?

Når du skal dele lenka til ein artikkel på sosiale medium som Facebook eller LinkedIn, vil delinga som regel vise tittel, bilde og ein kort introtekst. Kva som kjem opp her blir styrt frå sjølve nettsida di, og her fortel vi deg korleis du endrer lenkedelinga i Squarespace.

 

Endre bilde i lenkedelinga

For bloggsaker er du sikkert vand med å leggje inn eit featured image under “Options”.

Dette bildet visast på samlesida kor alle artiklane er lista ut, og det er dette bildet som automatisk visast når du deler lenka på sosiale medium.

Nokre gonger ønskjer ein å vise eit anna bilde på sosiale medium. Då går du til “Settings”, vel fana “Social” og lastar opp eit nytt bilde. Då vil dette bildet visast når lenka blir delt, utan at det blir synleg på sjølve nettsida di.

Gå til “Settings” og fana “Social” for å leggje inn eit eige bilde.

 

Endre tittel og introtekst i lenkedelinga

Dei fleste plattformar hentar ut tittel frå tittelfeltet og introteksten frå feltet “Excerpt”. Dette er den same introteksten som blir vist på samlesida kor alle artiklane dine er lista ut.

Om du vil vise ein annan tittel eller introtekst på sosiale medium, kan du endre dette ved å gå til “Settings” og fylle inn ny tittel og introtekst under fana “SEO”.

Merk at denne nye teksten óg vil visast i søkemotorar som Google, ikkje berre på sosiale medium.

Gå til “Settings” og fana “SEO” for å endre tittel og introtekst.

 

Dele ei vanleg side?

Squarespace skil mellom artiklar i bloggmodul og “vanlege sider” (pages). Ei vanleg side kan til dømes vere ei tenesteside eller kontaktside.

Her vil det vere litt annleis når ein skal redigere lenkedelinga. Hald musepeikeren over sidenamnet i hovudmenyen, klikk på tannhjulet og rediger informasjonen i fanene “SEO” og “Social Image”.

Tips: Facebook Debugger

Har du endra bilde og tekst, men lenkedelinga på Facebook viser framleis den gamle informasjonen? Då vil vi tipse deg om å bruke verktøyet Facebook Sharing Debugger.

Legg inn URL-en og trykk “Scrape”, så hentar Facebook ut informasjonen på nytt og vil vise det nye bildet i staden for det gamle. Smart, ikkje sant?


Treng du hjelp med å optimalisere artiklane på Squarespace-nettsida di? Ta kontakt med oss, så ser vi på det i lag.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bruk oss som supplement til markedsføringa di

Neste
Neste

Dette betyr utfasing av 3.parts cookies for deg