Marketing-knappen i Squarespace

Email campaigns

Her kan ein sende ut nyheitsbrev til kundar rett frå Squarespace. Og som alt anna i Squarespace er det super enkelt å sette seg inn i. Nyheitsbrevet er integrert i Squarespace, som vil seie at dersom du skriv ein artikkel eller eit innlegg på nettsida, kan du enkelt henta artikkelen eller innlegget inn i nyheistbrevet – med eit tastetrykk. Les meir om nyheitsbrev i Squarespace.

 

Discovery: SEO

SEO checklist er ei liste over punkt ein bør følgje for å oppnå best muleg ranking av Google og andre søkemotorar. Vi har også laga ei eiga liste over SEO-tips tilpassa våre kundar. Les vår SEO-blogg.

Google Search Keywords er et nyttig verktøy for å sjå kva folk søkjer på i Google. Ein kan også sjå kva posisjon nettsida har ved ulike søkeord i Google. Kanskje oppdagar du søkeord du bør jobbe for å prestere betre på? Vi tilbyr søkemotoroptimalisering som ei av våre tenester. Ta gjerne kontakt om dette er noko din bedrift har bruk for.

 

Engagement

Promotional Pop-Up er ei melding som viser i det besøkande kjem inn på nettsida. Dette er ei god løysing for å invitere besøkande til å melde seg på nyheitsbrev, annonsere kampanjer, promotere nye produkt på nettsida, eller gi besøkande mulegheit til å velje språk før dei fortset inn på nettsida. Klikker ein på promotional pop-up får ein fleire val:

  • Action: Vel kva som er målet med meldinga. Enten du vil at den besøkande skal melde seg på ditt nyheitsbrev, eller bruke eit sesongtilbod.

  • Content: Her vel du kva tekst som skal stå i meldinga.

  • Display and timing: Bestem kvar Pop-up meldinga skal visast. Om den skal visast når den besøkande klikkar seg inn på nettsida, eller når den klikkar seg inn på produkt. Du kan også bestemme kor lang tid det skal gå frå den besøkande klikkar seg inn på sida til meldinga bli vist, og kor ofte den skal visast til kvar besøkande.

  • Image: Her lastar ein opp bildet ein ønsker skal visast i meldinga.

  • Style: Vel font, farge og animasjoner om du ønskjer det.

Announcement Bar bruker du for å vise ei melding i toppen av nettsida. Dette er nyttig dersom du har viktige nyheiter å formidle som for eksempel endring i opningstid. Meldinga vil være synlig på både data og mobil. Slik går du fram for å lage announcement bar på nettsida:

  • Vel “Enable Announcement Bar” i rullegardinsmenyen.

  • Skriv deretter inn tekst i hovudboksen under “Enable” knappen.

  • Ønskjer du å linke til ei underside, blogg-artikkel, eller e-post så kan du gjere det i nederste felt ved å klikke på tannhjulet.

  • Klikk “Save” for å lagre endringane.

Les meir om korleis ein framhevar informasjon på nettsida her.  

Promotion

Instagram Stories: Denne knappen linkar til ein applikasjon eigd av Squarespace. Dette er ein betalt applikasjon som ein kan laste ned på mobil. Med appen kan du enkelt publisere historiar i Instagram ved bruk av malar i appen.

Products on Instagram gjør at du kan sende besøkande rett til nettsida via instagram tags. Dette er berre aktuelt for nettbutikkar.

Facebook Pixel & Ads er et verktøy som sporar trafikk på nettsida som er synkronisert med Facebook. Dette gjer det muleg for Facebook å vise annonser av produkter som besøkande har sett på nettsida.

Share buttons: desse knappane lar besøkande dele innhald på nettsida med venner på Facebook, Twitter, LinkedIn, og meir. Huk av plattformane du ønskjer at besøkande skal kunne dele innhald på.

Pinterest Save Buttons er ein knapp som kan implementerast på foto på nettsida som gjer at besøkande kan lagre foto i deira Pintrest profil. Pinterest lagre-knappen vil vise når du held musepeikaren over biletet på nettsida. Ein kan velje om knappen skal visast for blogginnlegg, undersider og produkter, eller kun ved bilete i blogginnlegg.

URL builder kan ein bruke for å lage unike linkar til digital annonsering. Dette gjer det enkelt å måle kor mykje trafikk kvar annonse genererar. URL builder produserar unike linkar som du kan bruke i annonsa. Du kan då spore all trafikk annonsa genererar under Analytics og Traffic.

Google Ads Credit: dette er ein funksjon som gir rabatt ved bruk av Google Ads. NB! Denne funksjonen er dessverre berre tilgjengeleg i USA.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har du motteke e-post fra Anders Olsen i DNS Norway?

Neste
Neste

Slik framhevar du informasjon på nettsida!