Har du kontroll på metatekstane på nettsida?

Ta grep og få folk til å klikke på nettsida di når du dukkar opp i Google.

Metatekstar er ein kort tekst som beskriver kva nettsida handlar om. Det er denne teksten som vises i søkjeresultata eller i forhandsvisningar av nettsida di. Metatekstar har ikkje direkte pårekning på synlegheit, men den er viktig for å få folk til å klikke seg vidare inn på sida di.

Ikkje mist viktige lesarar

Det betyr at om du får treff på eit googlesøk, må du passe på at metateksten får folk til å velje å klikke på nettopp sida di. Dei får gjerne fleire treff, og du kan fort tape kampen om merksemd med ein dårleg metatekst.

Korleis får ein til gode metatekstar?

Tenk CTA

Først og fremst – forklar kva sida handlar om. Kva får lesaren vite om han eller ho klikkar på linken? Avslutt gjerne med ein call-to-action (CTA), til dømes «Sjå korleis du får ein god nettside».

Antal teikn?

Det er ulike anbefalingar på kor lange tekstene bør vere, men dei fleste anbefalingane seier 50-60 eller 30-40 teikn i ein metatittel. Sjølve metabeskrivelsen bør ligge mellom 135 og 160 teikn. Lengre tekstar får gjerne «...» for å sjå heile teksten. Difor må det viktigaste komme først.

Hugs alle undersidene

I Squarespace legg du inn ein hovud-metabeskrivelse under merketing  SEO. I tillegg bør du leggje inn metatekstar på undersidene dine. Eller i alle fall dei undersidene som er eit eige menypunkt. Dette gjer du inne på dei ulike sidene, der du finn SEO under tannhjulet. Dei bør ha ulike tekstar og beskrive kva du finn på den enkelte sida.

Bruk søkjeord

Sjølv om ikkje metateksten avgjer om nettsida dukkar opp som treff på eit søk, må du hugse at personen som får opp deg som treff, vil sjå at sida di omhandlar det dei ønskjer å finne svaret på.

Ønskjer du hjelp til dette, må du gjerne kontakte oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny bildearkivfunksjon i Squarespace

Neste
Neste

Har du forhandlarar?