Dagen blir ikke helt den samme uten...

Du kjem på jobb på morgonkvisten. Ikkje alltid like opplagt, men eit par koppar kaffi, litt skvalder med gode kollegaer og du er i gang.

Skrur på PC eller Mac.

Bortsett frå video-møter med kundar, litt lunch og nokre lufteturar, går det meste av dagen framfor PC’en.

Der er det ein del småprogram og verktøy vi ikkje kan greie oss utan. Under finn du Live Sørtvedt og Vidar Bondevik sine fem viktigaste verktøy.

For å seie det som VG: “Dagen blir ikke helt den samme uten”:

 

Vidar: Mine fem beste verktøy

1. Snagit - for å ta raske skjermdumpar

2. JPEG Mini - når eg har behov for å ta ned størrelsen på ei jpg-fil raskt

3. Trello - her oganiserer eg min kvardag, arbeidsoppgåver, markedsplanar, hyttebygging, ja det meste…

4. Dashlane - hadde aldri greidd meg utan Dashlane for å halde styr på passord i hundrevis av program!

5. Squarespace Search Keywords - for å få oversikt over kva søkeord vi er gode på (denne har du også under Analytics-menyen)

…og sjølvsagt Spurs Media Watch for å kunne følgje med på mitt kjære Tottenham. Vi vinn lite, men vi har flott stadion og kvite, fine drakter:-)

 

Live: Mine fem beste verktøy

1. Facebook Creator Studio - eit verktøy for å enkelt publisere innhald på Facebook og Instagram samtidig.

2. Eye dropper color picker - Chrome-extension brukast for å raskt hente fargekoder fra nettsider.

3. Microsoft One note - eit godt program for å samle alle notater på ein stad, på ein strukturert måte.

4. Unsplash og Pexels - dei to nettsidene er gode kjelder til foto av høg kvalitet som kan brukast heilt gratis.

5. UIB ordbok - dette verktøyet er uunværleg for ein bergensar som skal skrive nynorsk!

…og Instagram for å følgje med på kva venene mine gjer på når eg er på jobb.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har du forhandlarar?

Neste
Neste

Har du motteke e-post fra Anders Olsen i DNS Norway?