Canva - Verktøyet som gjer design enklare
Vi i Gasta likar enkle og effektive løysingar. Erfaringa vår er at Canva gjer det enkelt for kundane våre å lage profesjonelt og visuelt innhald - til dømes til sosiale medium.
Vi samarbeider gjerne om Canva og hjelper deg med å kome i gang. Vår designar tek utgangspunkt i logo, fargar og fontar som de har, og utformar ferdige malar i tråd med profilen. Det kan vere til sosiale medium, plakatar eller berre bilder med ulike element. De treng berre å bytte bilde/tekst og laste ned.
Enkelt og effektivt, akkurat slik vi likar det!
Slik kjem du i gang!
For å gjere det enkelt for deg tilbyr vi ein oppstartspakke. Du får:
Eigen konto som du eig sjølv
Ferdig merkevaresett med logo, fontar, fargar etc
5 stk ferdige malar t.d. til sosiale medium
1 t opplæring via Teams
Pris for oppstartspakke kr. 7500 + mva
Videoen gir ein kort introduksjon til Canva Teams.
Slik fungerer det
Canva kan brukast direkte i nettlesar eller som app på mobil/PC. Her får de eigen bedriftskonto med eigen innlogging, og Gasta får tilgang til “teamet” som samarbeidspartnar.
Inne i Canva legg vi opp merkevara di, med fontar, fargar, logoar og så vidare. Deretter lagar vi klar malar kor merkevara blir tatt i bruk. Når du skal lage ein post til sosiale medium, går du inn i malen og byter ut tekst og bilete og gjer eventuelle andre tilpassingar. Så kan du laste ned filen og dele den der du vil.
Ser du etter kvart at du treng fleire malar, hjelper vi gjerne med det. Canva har innebygd verktøy for alt frå presentasjonar, plakatar og rollups til videoar, SoMe-postar og diagram. Her er det mange moglegheiter, så vi tek gjerne ein prat om korleis verktøyet kan hjelpe deg. Berre fyll inn skjemaet under, så høyrer du frå oss!
Klar for eit effektivt samarbeid i Canva?
Berre fyll inn skjemaet under: