Nytt magasin for Kunnskapsparken Vestland

I år, som i fjor, presenterer Kunnskapsparken kva dei jobbar med i eit innhaldsrikt magasin. Gasta har levert både innhald og design.

Det er utruleg moro å få jobbe med eit slikt magasin for Kunnskapsparken Vestland. Her får journalistane i Gasta bryne seg på komplekse saker og (til tider) lange intervju, som skal bli til allment etande stoff i kort format. Vi har organisert fotoseansar, gjort mykje research og leika oss med designet - i godt samarbeid med Kunnskapsparken.

– Magasinet gir oss moglegheit til å presentere mykje av det vi driv med på ein enkel og oversiktleg måte. Kvart år trekker vi fram det som er mest aktuelt, og i år er det mykje som omhandlar berekraft. Vi er veldig glad vi får til eit så flott magasin, som vi kan ha med oss når vi reiser rundt i regionen vår, fortel Hilde Grinde, forretningsutvikler i Kunnskapsparken Vestland.

– I tillegg er dette innhald vi brukar på nett og deler i sosiale medium, så det har stor verdig for oss, legg ho til.

Takk for tilliten!

 

Les magasinet her:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Har du marknadsføringa klar før jul?

Neste
Neste

Berekraftkommunikasjon for Lerum