Ny nettside for Ålhytta

Vi har utvikla den nye nettsida til Ålhytta, designikonet i den norske hyttefloraen.

Sidan starten i 1966 er det bygd mellom 2000 og 3000 Ålhytter. Basert på eit unikt modulsystem og gjennomtenkte designløysingar er Ålhytta minst like populær i dag, trass i at designet har vore omtrent uforandra i 50 år (eller kanskje nettopp difor?!). 

I konkurranse med andre byrå vann Gasta oppdraget med å utvikle dei nye nettsidene. Vi utvikla eit moderne design, med fokus på store bildeflater og enkel menystruktur. Tre målsettingar (KPI) er blitt definerte og vi vil i samarbeid med kunden følgje opp desse framover. 

Eg vil takke alle for god innsats og eit framifrå resultat. Så langt har me berre fått gode tilbakemeldingar. Denne sida blir eit godt hjelpemiddel i arbeidet vårt.
— Bård Svardal, salg og markedsansvarlig Ålhytta

Utviklingsprosessen

Squarespace er eit verktøy som er godt eigna for selskap som vil jobbe effektivt med nettsida som salgsverktøy. Etter opplæring har Ålhytta ved Hilde Håby og Erlend Hagen bearbeidd tekstar og foto, og kunden har opparbeidd seg solid kompetanse på Squarespace. 

Vi takkar Ålhytta for eit spennande prosjekt og ser fram til eit godt samarbeid framover!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny versjon av Squarespace analytics

Neste
Neste

Rett fokus fekk Fresvik Produkt til å snu ein negativ trend