Vi gratulerer vår dyktige kunde Kviknes Hotel med prisen for "Best Historic Resort Worldwide" under Historic Hotels Worldwide Awards of Excellence 2024.
Prisutdelinga fann stad på det ikoniske Omni Homestead Resort i Virginia, der hotellet vart heidra for sin gjestfridom, vertskapsrolle og høge servicenivå. Dette markerer ei viktig milepæl i historia til det familieeigde hotellet ved Sognefjorden.
Som samarbeidspartnar er det inspirerande å få bidra til at hotellet når ut til sitt publikum gjennom godt innhald og digital synlegheit. Vi er stolte av å få jobbe med eit så unikt og dyktig team, og gler oss til å følgje suksessen vidare.
Gratulerer så mykje til Kviknes Hotel med den velfortente prisen!