Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Er du klar med GDPR?

Gasta-gdpr-squarespace-mailchimp.jpg
 

Datoen for den nye personlovforordninga GDPR er 25. mai i EU. Norge har sagt at GDPR vil tre i kraft frå juli.

Tida flyg, og det er ingen grunn til å utsetje dette!

Vi i Gasta er ikkje juristar, men flg. tiltak veit vi er nødvendige å gjere:

Fem GDPR-tilpassingar du må gjere

  1. Identifiser kva personopplysningar du faktisk treng å lagre.
  2. Kartlegg kva personopplysningar og organisere desse på ein ryddig måte. Slett unødvendige data.
  3. Organiser persondata slik at dei er lette å slette om ein person ber om det.
  4. Kommuniser personvern på ein enkel og forståeleg måte.
    Dette gjer du ved å lage ei enkel personvernerklæring på nettsida. Her forklarar du tydeleg kvifor du lagrar persondata, og kor lenge personlege data blir lagra.
  5. Ta ein gjennomgang på korleis du ber om samtykke frå brukarar, og korleis dette blir lagra og dokumentert. (Sjå meir under Nyheitsbrev).
 

 

personvernerklæring på nettsida

Vi har oppdatert vår personvernerklæring på nettsida: https://www.gasta.no/personvern

Denne kan kanskje fungere som ein mal for deg, og du må gjerne kopiere frå vår erklæring.
(Vi understrekar igjen at vi ikkje har noko juridisk ansvar her, det må du ta:-)

Er du usikker på kva som gjeld for deg, kan vi hjelpe deg med å gjennomgå din situasjon og lage ei personvernerklæring.

Ta kontakt med Vidar, Simon eller Frode.

 

 

Nyheitsbrev

For deg som har MailChimp må du ta omsyn til dei nye GDPR-lovene. Vi meiner GDPR gir deg høve til å sende ut nyheitsbrev til dine kundar under bestemmelsen om legitime interesser. Men det må vere relevant produktinformasjon om produkt dei har kjøpt hjå deg.

For alle andre lister må du kunne vise til at kunden har gitt aksept på å motta epostar frå deg. Slike akseptar lagrar Mailchimp. Sjå ellers Mailchimp sin informasjon om GDPR.
For deg som har påmelding til nyheitsbrev på nettsidene, er det ganske sikkert behov for å justere denne til dei nye GDPR-lovene.

Ta kontakt med Vidar, Simon eller Frode.

 
Gasta Design