Er du klar for hausten?

20201016_163551.jpg

August er her, og tida er inne for å sjå framover og planleggje marknadsføringa for hausten. Her er nokre tips til kva du bør prioritere.

Ta deg tid til ei opprydding

Etter ein lang og god sommarferie kan det vere ein lurt å starte med ein liten haustreingjering på nettside, Google Min Bedrift og sosiale medium.

  • Er opningstid og kontaktinformasjon korrekt?

  • Skal du leggje til eller fjerne nokon tilsette frå kontaktsida?

  • Kva med forsida di, er den oppdatert?

  • Er det nokon sommarhelsingar eller utgåtte kampanjar du bør ta bort?

Husk at ein god opprydding før hausten er nyttig for både deg og kundane dine.

Ikkje gløym Google Min Bedrift

Og når vi snakkar om Google Min Bedrift: Visste du at du kan kople denne direkte til nettsida di i Squarespace?

Då blir det endå enklare å redigere mellom anna kontaktinformasjon og opningstider, og du kan endre direkte i Squarespace.

Treng du hjelp med å kople Google Min Bedrift til Squarespace? Ta kontakt med oss, så fikser vi det.

Har du noko nytt å fortelje?

Hausten er tida for å sjå framover. Kanskje det skjer noko du bør fortelje om? Får du ein ny kollega, skal du i gang med eit spanande prosjekt eller får inn nye produkt?

Aktuelt-feltet på nettsida er ein god plass å vise kva som skjer. Etter sommaren ligg det gjerne ein del gamle saker ute, og det kan vere fint å publisere noko nytt for å vise at de er i gang igjen etter ferien.

Ein treng ikkje alltid å vere så ambisiøs, og dei små sakene kan ofte vere vel så gode som dei større. Uansett kan det vere lurt å leggje ein liten slagplan for artikkelproduksjon utover hausten.

Treng du hjelp med artikkelskriving eller berre nokon gode idear, må du gjerne kontakte oss.

Kva med sosiale medium?

Også Facebook og Instagram er ein god stad for aktuelle saker. I tillegg til å dele artiklar frå nettsida di her, kan du med fordel syne følgjarane dine kva som skjer bak kulissene og små augneblink frå kvardagen.

Her kan det óg vere lurt å leggje ein liten plan. Om du ikkje veit om konkrete saker enno, kan du lage deg ei enkel liste med forslag til tema eller fokusområde.

Ver ute i god tid

Skal du ha nokre kampanjar eller tilbod i haust? Eller kanskje det kunne vore moro med ein julekalender i desember?

Uansett omfang – denne typen aktiviteter bør du planleggje i god tid, for å unngå siste liten-arbeid og unødvendig stress.  

Lag deg gjerne ei liste over aktivitetar du ønskjer å gjennomføre, og noter ned kva kanalar du skal nytte og kva du treng til kvart punkt. Då har du lista liggjande og kan følgje den opp gjennom hausten.

Treng du hjelp med å laga ein plan for marknadsføringa i haust? Vi hjelper gjerne!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vår sjekkliste for søkemotoroptimalisering (SEO)

Neste
Neste

Meir kompetanse - meir kapasitet