Nok ein besøksrekord for Norges beste countryfestival

Annonseringa har gitt resultat.

I år som i fjor har Gasta stått for hovuddelen av den digitale annonseringa til Norsk Countrytreff.

Norsk Countrytreff på Breim er kanskje ikkje Norges største countryfestival, men dei er ganske sikre på at dei er den beste. Dei har vore Gasta-kunde lenge, og i fjor trådde dei til med ny nettside og større satsing på digital marknadsføring.

Etter fjorårets erfaringar bestemte vi oss at vi måtte kome i gang med marknadsføringa for 2023 enno tidlegare. Målet med dette var tydeleg: klarar vi å selje fleire av billettane tidlegare på året, gir det langt meir forutsigbarheit for festivalen. Difor starta vi arbeidet med festivalen for 2023, allereie hausten 2022.

Denne strategien har ikkje berre gitt meir besøk på nettsidene og meir aktivitet i sosiale medium, men óg eit billettsal som allereie i juni låg 30% høgare enn på same tid i 2022.

Sommaren 2022 satte festivalen rekord med rett under 18.000 selde billettar. Då er det ekstra fantastisk at det blei nok ein rekord i 2023 - heile 21.300 selde billettar! Gratulerer, og takk for godt samarbeid!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Google Analytics er lovleg likevel!

Neste
Neste

Eitt verktøy - fem ulike nettsider