3 ting du burde vite om nye Google Analytics 4

Sjølv om du kanskje ikkje brukar verktøyet aktivt, er det nokre ting det kan vere lurt å kjenne til.

Denne sommaren kom det nye analyseverktøyet til Google, Analytics 4 (også kalla GA4). Dei fleste Gasta-kundar har no dette installert på nettsida si. Her er tre ting du bør vite:

1. Nytt brukargrensesnitt

Det nye verktøyet er ikkje berre ein oppgradering, men eigentleg eit heilt nytt program. Du finn det framleis på same plass (analytics.google.com) og kan logge inn med brukaren du allereie har - men elles vil du sjå at det er ganske mykje nytt .

Ting har endra navn og blitt flytta rundt på, og det kan vere forvirrande i starten. Men den einaste måten å bli vand til endringane på, er å våge å prøve.

Slik såg gamle Universal Analytics ut. Klikk på bildet for stor visning.

Slik ser nye Analytics 4 ut. Klikk på bildet for stor visning.

2. Meir fokus på kva brukarane gjer på nettsida

Det gamle verktøyet var mest fokusert på kva undersider folk besøkte, såkalla pageviews. I det nye verktøyet er det langt meir fokus på kva handlingar folk gjer på nettsida, såkalla events. Det nye programmet er meir oppteke av slikt som scrolling, klikk, videoavspillingar og andre interaksjonar.

Dette gjer det mellom anna enklare å spore og måle hendingar som er viktige for bedrifta di; sånn som innsendte kontaktskjema eller klikk på kjøp-knappen. Dette må setjast opp manuelt; noko vi kan hjelpe med viss du treng det.

Der det før var fokus på antal besøk og sidevisningar, er det no brukarar og handlingar som er viktigast (users, events og conversions).

3. Fleire val knytt til personvern

Det har vore ein lang prosess knytt til om Google Analytics kan vere ulovleg. For ikkje lenge sidan blei det likevel avklart at verktøyet no er lovleg.

Men! Som brukar av Google Analytics må bedrifta di framleis ta hensyn til GDPR. Med det nye verktøyet gir Google oss fleire val til innstillingar vi kan gjere. Dette handlar mellom anna om kor lenge data blir lagra, og kva data som samlast inn. For dei fleste er det ikkje nødvendig å arbeide så mykje med dette, men det er verdt å vite om.

Treng du hjelp med Google Analytics 4 på Squarespace-nettsida di? Ta kontakt med oss, så ser vi på det saman.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Festivalfeber i Sogndal

Neste
Neste

Google Analytics er lovleg likevel!