Sogn Varme & Piperehabilitering

Ei ny retning for lokalt selskap med ny visuell identitet og nettsider i Squarespace.

 
 

Ei ny retning

Det som tidlegare var Sogn Piperehabilitering, var klare for noko nytt. Dei ville auke fokus på sal av omnar og peisar, og trengde ein visuell og teknisk oppgradering for å betre nå ut med sitt nye fokus.

I prosjektet har vi fått gleda av å hjelpe med både nytt namn, ny visuell identitet og nye nettsider basert på Squarespace.

Nytt namn og visuell identitet

Vi har utvikla ein visuell identitet med nytt namn, fargar og logo som ikkje lar det vere tvil om kva firmaet tilbyr. Den enkle og tydelege profilen fungerer like godt i digitale kanalar som nettside og sosiale medium, som på ein firmabil, arbeidstøy eller skilting.

Betre produktutval

Med ei auka satsing på sal av peisar og omnar, var ein god produktpresentasjon på nettsida spesielt viktig. No er kvar omn tilgjengeleg med produktinformasjon og bilder, sortert etter ulike typar omnar som peisomn, utepeis og vedkomfyr. Med oppsettet er det enkelt for kunden å ta kontakt for pristilbod på akkurat den omnen dei ønskjer.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Balansekunstprosjektet

Neste
Neste

Gjest - Sognacider