No mistar alle tilgang til “gamle” Google Analytics

Frå 1. juli 2024 har du ikkje lenger tilgang til den førre versjonen av Google Analytics (GA3). Alle historiske data blir óg sletta, med mindre du gjer tiltak.

Dei aller fleste Gasta-kundar har verktøyet Google Analytics installert på nettsida si. Det er gratis, og gir nyttig innsikt i bruken av nettsida.

Tidlegare var det versjonen Google Universal Analytics (GA3) som blei nytta, men sommaren 2023 kom det eit nytt verktøy kalt Analytics 4 (GA4). Det er GA4 du no har installert på nettsida di viss du nytter analyseverktøyet, slik dei fleste Gasta-kundar gjer.

Les også: Tre ting du burde vite om nye Google Analytics 4

Fram til no har vi likevel hatt tilgang til den gamle versjonen (GA3). Dermed har vi kunnet gå tilbake i tid og sjå på historiske data. No endrar dette seg.

Frå 1. juli 2024 vil heile Universal Analytics (GA3) bli stengt ned. Det betyr at både du og vi mister tilgangen, og at alle analysedata som ligg der blir sletta.

For dei fleste vil det ikkje ha så mykje å sei, rett og slett fordi ein ikkje nyttar historikken aktivt. Men viss du vil behalde historikken, må data eksportast ut i god tid før 1. juli. Ta i så fall kontakt med oss, så ser vi på løysingar saman.

Merk at for deg som har nettside i Squarespace, vil du fortsatt få inn tal og statistikk på analyseverktøyet som er integrert i nettsida, kalt Squarespace Analytics. Her blir det ingen endring frå slik det er no.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Ny søkemotor-vennleg nettside for setra i “Noregs vakraste fjelldal”

Neste
Neste

Ny nettside for garden i “Hver gang vi møtes”