Ny søkemotor-vennleg nettside for setra i “Noregs vakraste fjelldal”

Korleis bevare den gode seterstemninga, men modernisere og bli meir synleg i søkemotor?

Kvar sommar sidan 1740 har familien Opdøl flytta dyra sine til Renndølsetra i Innerdalen, vest i Trollheimen. På setra lagar dei produkt som seterrømme og yoghurt av mjølk frå eigne kyr, tilbyr overnatting og sel heimelaga mat i den koselige seterkafeen.

Det heile høyrast (og er!) ganske nasjonalromantisk ut. Men sjølv om ein driv ei tradisjonell seter, kan ein ikkje ‘segle akterut’ på det digitale.

I dagens konkurransemarknad var Renndølsetra avhengige av ei ny og meir moderne nettside, som er meir synleg i søkemotor og gir meir besøk og fleire bookingar. På samme tid skulle die bevare den ekte og gode seterstemninga.

Vi er glade for at dei valde Gasta og Squarespace til å løyse utfordringa!

 

Nettsidene våre har fått seg eit skikkeleg løft på både design og innhald. No speglar dei stemninga på setra, og vi får vist fram både produkt og overnattingstilbod. Ikkje minst er det lagt inn eit godt arbeid for å bli enno meir synleg i søkemotorane. Vi håper mange finn vegen innom oss i sommar!

- Eystein Opdøl, Renndølsetra

Visste du at vi har lang erfaring med å lage nettsider for reiselivsbedrifter? Ikkje ver redd for å ta kontakt, så tar vi ein utformell prat.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Éin mal - 14 nye nettsider i Squarespace

Neste
Neste

No mistar alle tilgang til “gamle” Google Analytics