Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace
timbla.png

Timbla

Foto, Grafisk profil, Merkevare, Nettside, Tekst

Gründer med lidenskap for langbord, tre og berekraftig produksjon.

Timbla langbord - ekte handverk frå Sogn

Timbla langbord - ekte handverk frå Sogn

Merkevareplattform

Merkevareplattform

Sogn Næring hadde ein gründer med gode produkt, men med behov for hjelp til å skape ein unik kontekst for produkta, ein merkevareplattform. Vi tok tak i gamle skog- og handverkstradisjonar på Kaupanger, berekraftig produksjon og lidenskapen Ståle har for tre. Dette blei grunnlaget i heile merkevareplattforma.

Dette skal skape merkevara Timbla

Historia

Historia

Det er historia som er kjernen i Timbla. Korleis produkta vert laga, handverkstradisjonane på Kaupanger og kvaliteten på råvarane. Saman med tekstforfattar i Drople og fotograf Marius Beck Dahle har vi skapt ei merkevariehistorie som er så mykje meir enn eit langbord.

Sjå merkevarehistoria på timbla.no/arven

Timbla_konsept_BD_0349-Edit.jpg
Namn

Namn

Utgangspunktet var Sognefjord Langbord, men etter nokre rundar med Ståle blei vi einige om å finne eit betre namn. Fleire alternativ vart produsert og vurdert, før vi hamna på Timbla. Det er enkelt, kling godt, hadde ledig domene og er samansett av Timber + Amla (snikkarverkstaden ligg i Amla).

Logo, grafisk profil

Logo, grafisk profil

Vår designer Ingar Midtbø har skapt ein enkel, tidlaus logo og grafisk profil som byggjer opp under assosiasjonane vi vil ha fram (berekraft, tradisjonar og lidenskap for tre). Merkeløftet "Pure Norwegian Wood" var valt for at det òg skal fungere på eksportmarknaden. 

Nettside

Nettside

Nettsida er bygd opp med fokus på verdiane Timbla vil kommunisere. Det er eit visuelt design, med gode bilder i fokus. Tekstane står godt til bildene og designet er reint og elegant. Her kan kundar lage sitt eige langbord, og be om pris. Løysinga er basert på publiseringsverktøyet Squarespace.

Sjå timbla.no

Trykt materiell

Trykt materiell

Med så flotte bilde er det gøy å lage fine plakatar. Vi har designa fleire typar, som Ståle kan bruke i marknadsføring på messer, i butikkvindauge og liknande.

Plakaten til venstre er 50 x 100 cm og vert nytta i butikkvindauge.

 Alle foto i prosjektet:  Marius Beck Dahle

Alle foto i prosjektet: Marius Beck Dahle