Gasta design - spesialist på Squarespace
Merkevare og design

Andre tenester

Her finn du oversikt over dei tenestene Gasta tilbyr i tillegg til nettsider:

Merkevare - strategi

Merkevare - strategi

Vi hjelper både gründerar og etablerte bedrifter med å utvikle ein tydeleg merkevareplattform og kommunikasjon. Visjon, posisjon og merkeløfte er sentrale tema i ein slik prosess, element som må på plass før ein startar designprosessen. I tillegg skaper vi saman ei grunnleggande historie – merkevarehistoria (elevator pitch). Denne gjer at alle tilsette kan presentere selskapet på same måte, og er eit viktig element i din merkevareplattform.

Les meir om merkevareplattform

Logo - grafisk profil

Logo - grafisk profil

Med vår digitale forankring utviklar vi design som fungerer godt digitalt. Vi er sikre på at god design påverkar opplevinga av produkta dine, skaper meir lojale kundar og aukar betalingsviljen. Vi gjer alt frå enkle logoprosjekt til omfattande profilprogram. Sluttproduktet i slike prosessar er som regel ei nettbasert grafisk profilhandbok.

Sjå vår portfolio  - Arbeid

Koding - webutvikling

Koding - webutvikling

Vår kjernekompetanse er koding (html/css), noko vi utnytter med dei mange moglegheitene i Squarespace Developer Mode. Vi integrerer tredjepartsløysingar og utviklar enklare, skreddarsydde applikasjonar.

Content marketing

Content marketing

Vi samarbeider med -og er medeigar i- content marketing-byrået Drople. Der skaper Astri Knudsen innhald som engasjerer og oppnår mål. Astri sit i våre lokale på Fosshaugane Campus, er utdanna journalist og har bakgrunn frå ulike aviser og medium. Astri jobbar m.a. med kundar som Avery Dennison NTP, Kviknes Hotel, Simas, Bedriftshelse1 og Airlift.

Les meir på drople.no