Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Squarespace

Vi kombinerer erfaring med forretningstrategi, merkevare og design med det mest moderne publiseringsverktøyet, Squarespace.
Det gir nettsider som oppnår mål.

 

Video: Squarespace introduksjon

Nettsider som gir resultat

Det er enkelt å lage nettsider. Men det er meir komplisert om du vil at nettsida skal støtte opp under forretningsstrategien din, byggje merkevare, løyse brukarbehov og gi ei positiv brukaroppleving for kundar og potensielle kundar. Vi i Gasta er sju personar med lidenskap for å lage akkurat slike nettsider. Lønnsomme nettsider. Det vil seie nettsider basert på ein tydeleg webstrategi.

Squarespace publiseringsverktøy (CMS)

Vi har tidlegare arbeidd med publiseringsverktøy som DNN og WordPress, men har no gått over til Squarespace. Dette verktøyet gjer det enkelt og lystbetont å arbeide med webkommunikasjon. God driftssikkerheit, støtte for SSL-sertifikat, raskt å jobbe med foto og video kjenneteiknar Squarespace. Alle våre nettsider er responsive, og vi tilpassar gjerne også til krav om universell utforming.

Gjennomtenkt prosess

Vi har ein velprøvd og gjennomarbeidd prosess for å skape nettsider, der fokus ligg på å forstå målgruppa og deira brukarbehov. Vi set i fellesskap opp målsettingar (KPI - Key Performance Indicators), og når nettsida er ferdig driftar vi denne og tek ansvar for support. Ja, vi garanterer svar innan 60 minuttar, og vi kan følgje opp med analysar når nettsida er på domene.

Vår erfaring - din garanti

Gasta har erfaring med nettsider sidan 1998. Vi har utvikla over 300 nettsider på Squarespace-plattforma for kundar over heile landet (også utanlandske kundar!). Squarespace har over 2 mill. brukarar på verdsbasis, og er eit trygt og framtidsretta val. Vi er også opptekne av at du som kunde skal ha god kompetanse - sjå våre kurs.

 
 

Nokre av våre kundar:

Komme i gang? 

Ta kontakt med oss eller bruk vårt kontaktskjema for å motta tilbod: