Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Squarespace søkemotoroptimalisering: lengre metadescription

Meta description eller metabeskrivelsen er ofte det vi først tek tak i når vi skal jobbe med søkemotoroptimalisering på ei nettside.

Det betyr likevel ikkje at det er det viktigaste elementet, for Google er klar på at metabeskrivelsen ikkje er avgjerande for rangering. Beskrivelsen skal vere ein kortfatta tekst som beskriv innhaldet på nettsida. Slik sett er setningane i metabeskrivelsen meir avgjerande for om ein klikkar vidare til nettsida.

Og besøk er positivt - for Google-rangeringa!

Når du søker i Google, dukkar metabeskrivelsen opp under metatittel på nettsida:

 
Gasta squarespace søkemotoroptimalisering.png
 

 

Kvar er metabeskrivelsen i Squarespace?

I Squarespace er dette enkelt (som det meste anna!):
Du finn metabeskrivelsen under Settings i hovedmenyen, klikk på SEO og legg fyll inn Meta description.

 

Nyheit! No kan metabeskrivelsen vere lengre!

I november 2017 skal Google ha utvida visninga av metabeskrivelsen frå 155 til opp mot 320 teikn. SEO-selskap som Moz og Yoast tilrår metabeskrivelse på under 320 teikn, dei fleste gir råd om å ha beskrivelsen på mellom 280 og 300 teikn.

Har du gjennomgått metabeskrivelsen på dine nettsider i det siste?

Vil du ha meir informasjon om Squarespace og søkemotor, ta gjerne kontakt med oss.

 

 

Gasta Design