Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Legg inn metabeskrivelser

Metabeskrivelse er ein kort tekst som inneheld informasjon om nettsida. Denne teksten er vanlegvis å sjå under den blå linken som dukkar opp på dei ulike søkemotorene: 

Screen Shot 2018-10-23 at 12.55.43.png
 

Metabeskrivelse er ikkje ein direkte faktor for å bli rangert høgare av Google. Men ein god metabeskrivelse kan føre til at nettsiden blir meir besøkt, og får høgare “clickthrough rate” (CTR).

Dette er ein faktor som Google brukar som signal for rangering. Dermed er det viktig å skrive gode metabeskrivelsar.

I Squarespace kan ein skrive inn metabeskrivelse på tre ulike stader, men ingen av stadene nyttar seg av namnet “metabeskrivelse”. 

Slik legg du inn metabeskrivelse i ”Home page”, “Static pages” og Blogg innlegg

For å legge inn metabeskrivelse for nettsida (“Home page”) - gå til “Settings” > “SEO”, deretter legg du inn din metabeskrivelse under feltet “Search Engine Description”. 

For å legge inn metabeskrivelse i undersider (Static page), går du til “Pages”, hald markør over den relevante sida, klikk på Instillingar (tannhjul) og deretter skriv du inn metabeskrivelse for undersida i under feltet “Description”.

Tips: du bør absolutt ta deg tid til å legge inn metabeskrivelser også for undersidene.

For å legge inn metabeskrivelse i blogg innlegg, går du til blogginnlegget > klikker “Edit” > deretter “Settings”. Når dette er gjennomført skriver du inn metabeskrivelsen under feltet “Excerpt”

SEOGasta Design