Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Nyheitsbrev-Produkt-Tenester

Få fleire treff på søkemotor

 

SEO er ei forkorting for Search Engine Optimization. Vi kallar det gjerne søkemotoroptimalisering.

Dette er kort sagt tiltak du bør gjere for at nettsida skal få fleire treff i søkemotorar som Google. Har du testa ut annonsering i Google, Facebook og andre kanalar, veit du at det kostar pengar.

Å jobbe med SEO, derimot, er eit av dei mest kostnadseffektive marknadstiltaka du kan gjere. Iflg. Hubspot startar 80% av all webtrafikk med eit søk! Då er det lite smart å ikkje bry seg om SEO!

Som det einaste publiseringsverktøyet på marknaden, har Squarespace kobling mot Google Search Console. Vi ønskjer difor at våre kundar skal utnytte dette - og vi har utvikla ein pakke med tiltak som vi meinar alle bør få gjennomført på nettsida for å score betre på Google.

Men det er desverre ikkje så enkelt at ein slik pakke sikrar deg super-suksess! Søkemotoroptimalisering er noko ein må arbeide med over tid.
Difor får du i tillegg med eit hefte der vi har sett opp tiltak du konkret bør jobbe med i det daglege.

Bestill Gasta SEO-pakke i dag! 

squarespace seo

Gasta SEO-pakke

Kr. 5 000,-+mva

-9 viktige tiltak for SEO

-Rapport på gjennomførte tiltak

-Motta heftet (pdf) "16 tips til suksess med søkemotoroptimalisering i Squarespace"

 

Gasta SEO-pakke - dette får du:

1. Nøkkelord

Prosjektet startar med å bli enige om nøkkelord som er viktige for ditt selskap? Ikkje satse på for mange søkeord, og tenk gjerne frasar. Det er ofte smartare å fokusere på ordkombinasjonar og frasar, enn ord med stort søkevolum. Vi går gjennom søk i Google Search Console, og saman set vi opp dei søkeorda (nøkkelord) eller frasane vi skal fokusere på.
 

2. Gjennomgang av status i dag

Vi set opp ein status for nøkkelorda i dag. Det er viktig for å sjekke om vi oppnår framgang! 


3. Kva nøkkelord får konkurrentar treff på?

Det kan vere gunstig å vite kva nøkkelord konkurrentane dine får treff på. Du set opp dei tre viktigaste konkurrentane dine, og vi leverer ein oversikt til deg. 
 

4. Forbetre metabeskrivelse for nettside

Metabeskrivelsen for nettsida er viktig. Denne skal også vere slik at potensielle besøkande får lyst til å gå på di nettside. Maks 230 teikn. 
 

5. Lage metabeskrivelsar for undersider (opptil 10 stk)

Vi tek dei 10 mest lese sidene dine og lagar eigne metabeskrivelser for desse.
 

6. Registrere firmaet ditt i Google My Business

GoogleMyBusiness er viktig for lokasjonsbasert søk. Vi registrerar selskapet ditt i GoogleMyBusiness om det ikkje er gjort før.
 

7. Gjennomgang av hastigheit for sida. Justere bildestorleik.

Google likar ikkje at nettsidene er for tunge. Vi sjekkar nettsidene. Er dei for tunge finn vi dei tunge bildefilene og gjer desse mindre.
 

8. Lage SEO-vennlege nettadresser (URL`ar)

Enkel struktur og gode nettadresser (URL`ar) der nøkkelorda er med, er viktig for Google. Vi gjennomgår og endrar. Her må vi også sjekke i etterkant, slik at vi ikkje skaper linkar som ikkje fungerer lengre.
 

9. Gjennomgang av rapporten Google Search Keyword i Squarespace

Under Analytics i hovudmenyen i Squarespace finn du no ein super rapport som deg viktig informasjon om kva folk søker på og om du lukkast med å få dei inn på nettsida. I heftet du får med gir vi deg ei innføring i kva talla i rapporten betyr.


OnPage SEO

Desse tiltaka er tiltak vi kan gjere på nettsida. Så er det også eksterne faktorar som påverkar rangeringa i Google, som t.d. lenker tilbake til nettsida di. Dette får du tips om i heftet du får som del av pakka.


Bestill SEO-pakke i dag

Ja, eg bestiller

 

 

 
Gasta Design