Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Nyheitsbrev

Kickstart hausten!

 

Her har vi i Gasta sett opp forslag til 21 små og store marknadstiltak som kan bidra til å få fart på omsetninga. Håper det kan vere til inspirasjon:-)

Ålhytta eks 2.png

Nytt design på nettsida?

Er det nokre år sidan nettsida vart designa? Gir nettsida deg nye kundar? Er det justeringar som burde vore gjort? Basert på Google analytics-tala dine kan vi gjere analysar og komme med forslag til endringar.  

 

Satse på content marketing?

Bør du satse meir på å produsere innhald som potensielle kundar har interesse av? Som gjer at dei kjem tilbake til nettsida, og til slutt blir kundar. Vi kan hjelpe til med produksjon av innhald, eller vi kan bidra med å utvikle din digitale markedsstrategi.

 
seo squarespace.jpg

Bli betre på søkemotor

Blir du ikkje funnen på Google slik du gjerne vil? Vi kan gjennomgå status og gi deg kurs i søkemotoroptimalisering i Squarespace, eller vi kan jobbe med konkrete tiltak på nettsida (som f.eks å skape relevant innhald).

 

Meir bruk av video på nettsida?

Video på nettsida fungerer! Vi ser av alle analysar at videoar blir klikka på. Det kan vere videoar av typen vi har laga for oss sjølv på Squarespace (over) eller det kan vere forklarings (explainer) videoar. Snakk med oss om video!

 

Video i Facebook-kampanjar

Har du eit produkt eller eit arrangement i haust du vil ha fokus på? La oss lage ein enkel video til bruk på Facebook (og nettside). Vil du ha meir rekkevidde på innlegget, annonser på Facebook. Vi styrer gjerne facebook-kampanjen også. Over ser du ein enkel video vi laga for Førdefestivalen. Dette er videoar dei har brukt på Facebook og annonsert med. 

 
gasta_squarespace_forms.jpg

Avanserte skjema på nettsida?

Søkjer du etter folk og vil at søkarane skal fylle ut eit flott skjema på nettet? Skjema med påmelding til kurs og betaling, direkte med kredittkort? Eller vil du at kundane skal "konfigurere" sitt eige produkt som vi gjorde det for Timbla langbord.  Skjema kan innehalde kalkulasjon, ikkje minst betalingsløysing og kan bli avanserte saker!

 

Booking-system for alle bransjar

Vi har sørga for at kjempesuksessen Restauranthuset Malin i Sogndal kom i gang med eit enkelt system for bord-reservasjon på sine nettsider. Vi har utvikla integrasjon til booking-system for dei fleste av våre hotell-kundar. Snakk med oss om du har behov for bookingsystem, uansett bransje.

 

Nyheitsbrev-mest effektivt på kundekommunikasjon

Vår eigen erfaring, og uttallige analysar, viser at nyheitsbrev er den mest effektive måten å kommunisere med business-to-business kundar på. Dette nyheitsbrevet du les her er utvikla i Mailchimp, det mest brukte systemet for nyheitsbrev. Vi utviklar designmal for deg, set opp systemet, legg inn kontaktane og koblar det mot nettsida. Det er lett og raskt å komme i gang. Vi kan gjerne drifte alt for deg, eller vi held kurs i Mailchimp. Your choice.

 

Nettbutikk

Visste du at Squarespace har innebygd nettbutikk? Ingen avansert butikk med kommunikasjon til ordre/lager og transport, men ein god nettbutikk for sal av produkt og ikkje minst tenester. Har støtte for dei vanlegaste kredittkorta gjennom den moderne betalingsløysinga Stripe. Bryggeriet Nøgne-Ø i Grimstad har teke denne i bruk til sal av både bøker og anna øl-stasj.

12.Resultat Logo.jpg

Ny grafisk profil? Endre merkevara? Diskutere strategi?

Kanskje har du gjort deg nokre tankar om at det er på tide å vidareutvikle din grafisk profil? Kanskje bør profilen bli meir moderne? Meir tilpassa digitale kanalar? Eller gjer du strategiske grep som gjer at du burde gjennomgå heile merkevareplattforma di? Vi kan hjelpe til i ein slik prosess. 

 

Treng du illustrasjonar?

Vi utviklar stadig illustrasjonar for kundar. Det kan vere fleire illustrasjonar som eit prosjekt eller illustrasjonar til bruk i Powerpoint, nettside eller andre kanalar. Og når ein kunde må ha ein illustrasjon av slaget på Fimreite i 1184 - ja då kliner vi til og lager det! Moro er det og!

 

Foto er avgjerande

Vi treng nok ikkje argumentere for at gode foto er viktig for at nettside og anna materiell skal framstå appellerande. Vi har ikkje fotograf i Gasta, men vi har mange gode freelance-fotografar vi kan setje deg i kontakt med. Nettsida til konsulentselskapet Haakon Walnum - www.haakonwalnum.no er eit godt eksempel på kva gode foto gjer med ei nettside.

 
gasta squarespace kurs.jpg

Gå på kurs i haust?

Kanskje er denne hausten eit passande tidspunkt for å vidareutvikle din eigen kompetanse? Kanskje ønskjer du å bli betre på å oppdatere nettsida?  Vi held kurs i Squarespace og vi tilpassar kurset til kvar einskild kunde. Kursa held vi som regel vha. JoinMe video.  Sjå oversikt over våre kurs her.

 

Emballasjedesign

For Haugen Gardsmat har vi utvikla emballasjedesign. Har du behov for liknande produkt, ta kontakt med Hilde eller Ingar!

 

Etikettar

Vi utviklar stadig design på etikettar. Over ser du gründerbedrifta Sognefjord kaffibrenneri sitt design. Enkel og stilreint. Trykt ut hos vår gode samarbeidspartner Digital Etikett. Kaffien er også av beste kvalitet!!

 
eliteserien 3xrollupmessevegg.png

Nytt messemateriell?

Vi kan levere ulike messevegger. Det kan f.eks vere 3 stk rollups monterte saman slik vi har gjort det for Sogndal fotball...

 
messevegg+haugen+rett.png

Messevegg/roll up

Eller det kan vere ein stor rollup/ messevegg slik Haugen Gardsmat nyttar på mellom anna Bondens marknad. 

 
17523023_10155232254721584_2006887531176890029_n.jpg

Utsmykking

Har du eit areal som treng utsmykking? Våre designarar Hilde & Ingar engasjerer seg meir enn gjerne i ulike interiørprosjekt. 

 
brodreneaa.png

Brosjyrar, mapper og anna trykt materiell

Ikkje alt kan kommuniserast over nettet. Vi kan levere alt frå enkle brosjyrar, meir omfattande katalogar til mapper som denne vi laga for Brødrene Aa. Vi samarbeider tett med Printfarm as og har kanonprisar! Berre sjekk oss ut!

 

Når fornya du Powerpoint-presentasjonen sist?

Når endra du sist på Powerpoint-presentasjonen din? Når det gjeld Powerpoint, mulegheiter og design, har det verkeleg skjedd mykje! Vi kan utvikle ein mal-presentasjon som vi nettopp har gjort for Økonomiservice as. På tide å gjere betre inntrykk i kundemøter?

 

Bildekor

Det er ikkje alle kundane våre som har buss! Men dei fleste har bilar, og Hilde Nes likar å jobbe med bildekor. Vi lager designet, du nyttar din faste reklamepartner eller vi anbefaler ein til deg. I sommar dekorerte Hilde Nes m.a. ni bilar for Bedriftshelse1.

 
gasta kickstart 2017 squarespace.jpg

Puuuuh

Bladde du heilt ned hit? Suverent! Slikt likar vi! Hugs på at det er ikkje vanskelegare å komme i gang enn at du
- sender ein epost til post@gasta.no
fyller ut dette skjemaet
-eller ringjer ein av oss.
-Møte oss? Ingen problem. Vi stiller gjerne til møte i dine lokale, men først og fremst er vi knakande gode på videomøter:-)

 
Gasta Design