Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Nyheitsbrev

Kan du sende meg logoen i eps-format?

av designer Ingar Midtbø
 

Dette er heilt sikkert eit spørsmål alle har fått.

Leverandørar av ulike slag har behov for logoen din og tilsette treng logoar i ulike samanhengar. Av og til spør dei etter logoen i jpg-format, i andre tilfeller spør dei etter eps-format. Og som ikkje det var nok treng dei ofte fargekodane, i CMYK eller PMS.

Spar deg for mas og stress - lag ei enkel profilhandbok på nett

Spar deg for mas og stress - lag ei enkel profilhandbok på nett

Kva er forskjellen på dei ulike filformata?

Kortversjonen er at jpg/jpeg funkar fint til foto. Png er brukt til illustrasjoner og logoar, spesielt der du treng gjennomsiktig bakgrunn. GIF er eit spesielt filformat som er bra for animasjonar. Eps er eit filformat som kan innehalde punkt- og vektorgrafikk samtidig, og ofte brukt for logoar og illustrasjonar. "Beslekta" med eps-filer er ai-filer som er filformatet til Adobe Illustrator.


Treng eg kunne noko om dette?

Nei, eigentleg ikkje. Dersom selskapet ditt har orden i sysakene og legg alle filformata og fargekodane lett tilgjengeleg, vil både leverandørar og tilsette finne det dei treng. 


Rydd opp! Spar tid og mas!  

Først må du sørge for at alle logofilene er riktige og i siste versjon. Så lagar vi ei fargeoversikt og legg opp evt. fontinformasjon og andre grafiske element som du trur tilsette eller leverandørar kan ha nytte av. Vi legg dette inn som undersider på nettsida di. Så lagar vi eit "underdomene" som heiter www.dittdomene.no/profil.
Neste gang nokon spør etter logo eller fargar - henvis dei til denne nettsida.
Enkelt!


Slik gjer andre det

For den nye, spennande produsenten av langbord, Timbla, laga vi ei enkel profilhandbok som du kan sjå på  www.timbla.no/profil.
Treng ikkje vere meir komplisert enn det! Men du kan sjølvsagt og legge opp meir, som f.eks malar av ulike slag.


La oss lage ei enkel profilhandbok på nettet for deg!

Vi gjer dette som ei timebasert teneste (kr. 995,-/t), og vi bruker normalt ein stad mellom 5 og 10 timar.

Vi trur dette er ei god investering, og i tillegg reduserer du maset og sikrar at folk alltid brukar den riktige versjon av logoen.
 

Send ein epost til Ingar Midtbø eller Hilde Nes om du vil ha dette gjort.

 

Gasta Design