Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Nyheitsbrev

Få raskare blogg-sider på mobilen

Squarespace annonserte nyleg at dei nå støttar Google sin opne kjeldekode Accelerated Mobile Pages (AMP). Dette er kanskje for spesielt interesserte, men ein god ting for deg som er oppteken av å gi mobilvennlege sider til dine kundar.

Med AMP vil bloggpostar blir skrella for alt anna støy enn sjølve innhaldet i bloggen. Dette gjeld når du opnar bloggposten på mobil. Om kundane dine søkjer etter noko i Google og får opp din bloggpost, får dei opp ei enkel og ren utgåve av bloggen – utan logo, meny, reklame og anna støy som kan gjere lastetida tregare. Sjå animasjon til høgre.

Raske nettsider blir meir og meir viktig. Sjølv ei forseinking på nokre sekunder kan koste deg sidevisningar og engasjement. AMP-sider vil gi kundane dine bloggpostar som lastar vesentleg raskare. Google meiner det er snakk om ei lastetid som i gjennomsnitt er fire gonger raskare - og bruker 10 gangar mindre data enn ei side som ikkje er AMP.

Med andre ord, er det berre å produsere relevante blogginnlegg – og snakke med oss om du ønskjer at dine innlegg skal bli optimalisert for mobil. Det er ein enkel operasjon.

Legg igjen Namn og epost under - så fiksar vi det for deg (gratis)

Gasta Design