Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Slik lager du ny nettside

Her er prosessen som sikrar at ny nettside blir ein suksess. For begge partar!

Gasta squarespace webstrategi - analyse-getty.jpg

1. Analyse

Vi analyserer konkurransesituasjonen, kartlegg målgruppene og deira brukarbehov. Vi brukar verktøy som Ahrefs.com for å analysere søkeord både hos deg og konkurrentane dine. Å bli enige om målsetting (KPI- key performance indicators) for nettsida er sentralt i denne fasen.

squarespace-nettside-linn-bad.png

2. Informasjonsdesign

 

Basert på dei strategiske avklaringane vi i fellesskap gjer, utviklar vi eit informasjonsdesign. Her er det fokus på enkle og brukarvennlege menyar og arkitektur. Her dreiar det seg om prioritering iht. måla for nettsida. Også i denne fasen er vi opptekne av mobil!

braa lansering.jpg

3. Webdesign

Med bakgrunn i analysen og informasjonsdesignet legg vi fram eit designkonsept berekna på å oppnå dine strategiske forretningsmål. Vi er oppteken av at webdesignet er enkelt og brukarvennleg, med fokus på mobil. Vi tilfredstiller gjerne også krav til universell utforming.
Sjekk våre prosjekt.

Gasta Squarespace koding Photographer Mantas Kubilinskas-35.jpg

4. Koding

Vi har solid kompetanse på koding (CSS, HTML, JavaScript) av Squarespace nettsider.  I mindre prosjekt brukar vi ofte ein eksisterande mal og kodar om element for å tilpasse sida. Men vanlegvis brukar vi Squarespace Developer Mode, der vi kan laste ned kjeldefiler og har full friheit til å endre på struktur mm. Vi er godkjend Squarespace Specialist og utnyttar Squarespace til det fulle. Det gir enklare prosessar for oss og rimelegare løysingar for kunde. 

squarespace-wordpress-inline-editering.png

5. Implementering i Squarespace

Squarespace er publiseringsverktøyet vi utviklar alle våre nettsider på. Tidlegare har vi brukt DNN og WordPress, men vi opplever at våre kundar set stor pris på dette moderne, brukarvennlege verktøyet. Med Squarespace får du fordelen med å jobbe med "inline editing", det gjer det raskare å skape og endre på innhald

strategy sprints squarespace pi.jpg

6. Arbeid med tekst, foto, video

I arbeidet med innhald er vi opptekne av den opprinnelege målsettinga. Innhaldet må vere bra for både målsettinga, din business og for brukaren, og det bør vere ein hensikt med alle tekstane. Har du unødvendig innhald? Slett det!

gasta_squarespace_forms.jpg

7.Webutvikling

For å oppnå måla, har dei fleste nettsidene i dag funksjonar utover det å presentere tekst og foto. Mange har behov for booking-løysing, integrasjon til interne system, nettbutikk eller har behov for å utvikle eigne apps for å gjere brukaropplevinga god. Gasta har lang erfaring med dette.

squarespace google search console ekspert.png

8. Søkemotoroptimalisering

Med Squarespace kan du integrere inn Google Search Console, slik at du lett ser kva folk søker på, og konverteringsgraden på søkeord. Vi utviklar nettsider der "onsite SEO" er godt ivareteke. Og vi gir gode råd for din søkemotorstrategi.

allhytta.jpg

9. Brukartesting

I større prosjekt gjennomfører vi brukertesting, spesielt dersom vi har ei problemstilling rundt nettsida der vi treng å observere og snakke med besøkande. Vi kan også analysere heatmaps av nettsida, der vi får innsikt i kva besøkande klikkar på, og om dei scrollar nedover på sida.

sogneprodukt-squarespace-nettside.png

10. Migrere frå gamal nettside

I dei fleste tilfella skal kunden overføre innhald frå gamal til ny nettside. Vi er opptekne  av behalde mest muleg av nettadressene (URL), men i dei tilfelle der gamle, godt besøkte sider får ny adresse, set vi på ein 301 eller 302-redirect, og sikrar at besøkande kjem fram til riktig innhald. Bra for søkemotoroptimalisering er det også!

 

fjellstyre+squarespace-2.jpg

11. Kvalitetssikring

Vi har 30 dagars garanti. Alle feil blir retta utan kostnad. For å unngå feil, har vi ei kvalitetsikringsliste som vi gjennomgår før nettsidene blir lansert på domenet. Vi tek ansvar for endring av domene-innstillingar (DNS) og sørgjer for at nettsidene får SSL-sertifikat (https://).

gasta squarespace kurs (2).jpg

12. Opplæring

Vi har kundar spreidd over heile landet - og ein del kundar internasjonalt. Vi har god erfaring med å gjennomføre opplæringa vha. Zoom (skjermdeling). Under opplæringa gjennomgår vi også dei viktigaste elementa ift. søkemotor. 
Sjå også oversikt over våre standard kurs.

gasta squarespace analytics mobil.jpg

13. Analyse og søkemotor

Alle nettsidene vi utviklar registrerer vi i Google analytics, slik at begge partar har detaljert informasjon om besøkande. I tillegg har du lett tilgang til Squarespace analytics, både på PC og som separat mobil app. Med direkte kobling mot Google Search Console får du også verdifull informasjon om kva folk søker på.

Fosshaugane-campus.jpg

14. Support, oppfølging

Her er den store fordelen med Squarespace og Gasta! Sentral drifting, utan plugins, gir høg sikkerheit. Her kan du heile tida følgje med på oppetida til Squarespace. Den er som regel svært nær 100%. I tillegg tilbyr vi i Gasta supportavtale med 60 minuttars responstid som del av vårt konsept.

Velkommen som kunde i Gasta. Ta kontakt!