
Norsk Countrytreff
Festivalen på Breim har vore arrangert sidan 1995, og er eit av dei største arrangementa på Vestlandet innan sin sjanger.

Vi har utvikla grafisk profil og nettsider

Kunde sidan 2013
Vi har jobba med Norsk Countrytreff sidan 2013, ein artig kunde å arbeide med. Det starta med redesign av logo og profil. Sidan har vi jobba med nesten alt materiell til festivalen kvart år; plakatar, bannere, annonsar, klistremerker, program og t-skjorter.
No har vi og laga heilt nye nettsider for å gjere billettkjøp enklare og informasjonen meir tilgjengeleg.

Logo
Den opprinneleg logoen ser du over. Vi vidareførte denne, men forenkla logotype og fjerna symbolet frå logoen - for å gjere logoen meir tilpassa digitale flater.

Litt nytt kvart år
Allereie då vi redesigna logo, la vi grunnlaget for å ha dei visuelle rammene rundt festivalen satt, som vi kunne variere noko frå år til år. Til dømes ser du mannen med gitaren sitje med gitaren i 2016, medan han står opp i 2015. Slik får dei moglegheit til å fornye seg litt kvart år.

Trykt materiell
Vi har produsert festivalbrosjyre og diverse anna trykt materiell. Alt i same profil og med same papir.

Illustrasjonar
Vi har også utvikla illustrasjonar, som f.eks denne som vart brukt til Barnas Country Treff.

Logo Norsk Countrytalent
Talentkonkurranse for ungdom. Vi utvikla logo med logotype og symbol i same form. Enkelt og genialt, spør du oss:-)

Nye nettsider lansert desember 2016
Festivalen oppgraderte sine WordPress-baserte sider til Squarespace i desember 2016. Vi utvikla nytt design med meir fokus på aktueltsaker og ein tett integrasjon mot TicketCo.

Nytt festivalkart
Vi har teikna nytt festivalkart for 2017 for å gi deltakarane ei betre oversikt. Tidlegare har festivalen nytta eit foto med markeringar, noko som ikkje ga like bra oversikt.