Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kurs

Strategi for sosiale medier

Om kurset

Ønskjer du å forstå korleis sosiale medium kan nyttast i kommunikasjon og marknadsføring? 

Dette kurset gir deg innføring i korleis sosiale medium vert brukt for ulike føremål, og korleis ein planlegg ein strategi tilpassa behovet til di bedrift.

Korleis få best utbytte av til dømes Facebook og Instagram?

Vi held kurset ein-til-ein og spesialtilpassar kurset etter ditt behov.


På kurset lærer du

  • Kva ein kan få ut av å bruke sosiale medium
  • Kva sosiale medium ein kan nytte (Facebook, Canvas, Instagram, Snapchat, Google AdWords)
  • Korleis planlegge ei målsetting for langsiktig bruk for eigen bedrift

Kurshaldar:

Astri Knudsen er utdanna journalist og har jobba fleire år i ba.no og sol.no, der ho blant anna jobba med innhald til Facebook. Astri har og jobba med innhaldsmarknadsføring i Oslo-byrået Bonzaii, før ho kom til Sogndal og starta bedriften Drople saman med Gasta.

Daniel Osnes er utdanna Art director frå Westerdals og har bakgrunn frå idéutvikling og grafisk design. Daniel har starta eige selskap i samarbeid med Gasta og jobbar med markedsføring på nett og i sosiale medium.


Pris:

  • Lengde: 3 timar
  • Pris: 4000,-
  • Kvar: join.me

Join.me er eit gratis kommunikasjonsverktøy vi brukar for kursing av våre kundar. Det gjer det mogleg å jobbe mot same skjerm, sjølv om personar sit på ulike stader. Vi sender ei lenke som kunden koblar seg på.

Gasta Design